Seksjonering og reseksjonering av bygningar

Seksjonering er å dele opp ein bygning i fleire eigarseksjonar, slik at fleire kan eige kvar sin del av bygningen. Endringar av allereie seksjonerte eigedomar kallast reseksjonering. 

 

Ein eigarseksjon vil vere ei eiga juridisk eining som kan omsetjast og bli lånt på uavhengig av resten av eigedomen eller brukseiningane. 

 

Eigarseksjonering eignar seg mellom anna for oppdeling av bustadblokker og horisontaldelte- og firemannsbustader. 

 

 

 

Kva får du?

  • Du får delt opp bygningen i fleire eigarseksjonar, og eventuelt fordelt uteareal til ein eller fleire seksjonar.
  • Du får dokumentasjon med plassering av eigarseksjonar og fordeling av sameigebrøk.
  • Du får eit matrikkelbrev.

Ved fordeling av uteareal, får du i tillegg:

  • eksklusiv bruksrett til utearealet på din del av eigedomen
  • koordinatbestemte bruksrettsgrenser
  • sett ned offentlege grensemerker, om dette er mogleg og ønskjeleg
     

Krav til søkjar

Søknaden må vere signert av eigar (heimelshavar).
 

Slik søkjer du 

Du kan laste ned skjema for begjæring om seksjonering (PDF, 3 MB), eller hente det på Servicetorget.

 

Send søknad til:

Førde kommune
Postboks 338
6802 Førde 

 

Kva kostar det?

Seksjonering kostar 2800 kroner. Ved behov for synfaring vil prisen auke til 4660 kroner. I tillegg kjem tinglysingsgebyr på 525 kroner. Matrikkelbrev kostar frå 175 til 350 kroner per stykk. Ved fordeling av uteareal kjem oppmåling i tillegg. 
 

> Sjå prisliste byggesaksgebyr (PDF, 71 kB)
 

Kor lang tid tek det?

Søknaden vert normalt behandla innan 12 veker. 

 

Klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du ta kontakt med oss. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om du får medhald i klagen din. 

 

Publisert av Torill Anita Segtnan. Sist endra 07.02.2017 av Marit Kleiven
Fann du det du leita etter?

Snarvegar

 
 
Login for redigering