Deling av grunneigedom

Deling av grunneigedom betyr å dele frå ein del av ein fast eigedom slik at denne delen får eige gards- og bruksnummer, til dømes å skille ut ei tomt. 

 

Ved bortfeste av deler av ein eigedom for meir enn 10 år, må det også ligge føre eit delingsløyve.

Det er grunneigar (heimelshavar) som søker kommunen om løyve til deling.  

 

Søknadsskjema du treng

 

Kart med innteikna parsell og grunngjeving av søknaden må leggast ved. 

 

Søknaden vert behandla/vurdert etter

  • Gjeldande arealplanar (kommuneplanen sin arealdel, kommunedelplan/ reguleringsplan/ utbyggingsplan). Er søknaden i strid med gjeldande lov- og regelverk, kan søknaden behandlast som dispensasjonssak i samsvar med plan- og bygningslova §§ 19-1 og 2
  • Plan- og bygningslova kap 26, 27 og 28 (Om parsellen er eigna til formålet, tilkomst, vatn/avløp og naturgitte tilhøve som stabilitet i byggegrunn, risiko for flaum, fare for skred m.m)
  • Jordlova §§ 9 og 12. (§ 9: For all jord som er dyrka eller eigna til dyrking. § 12: Eigedom som kan nyttast til jord eller skogbruk)

 

Den nye eigedomen får tildelt eige gnr/bnr, vert registrert i den sentrale matrikkelen og tinglyst. Matrikkelbrev på eigedomen vert sendt til aktuelle partar.

 

Har du spørsmål?

Ta kontakt med Oddbjørn Sellevoll på telefon 57 61 27 23 eller 905 33 509

Fann du det du leitte etter?

Kontakt

bilde av personen: Oddbjørn  Sellevoll

Oddbjørn Sellevoll

Rådgjevar
Telefon : 57 61 27 23
Mobil: 905 33 509

Snarvegar