Eigedomsskatt

Eigedomsskatt er ein kommunal skatt som vert skrive ut i samsvar med lov om eigedomsskatt til kommunane, samt vedtekter godkjend av bystyret.

Eigedomsskatt er innført for alle eigedomar i Førde kommune frå 2007. Tidlegare (frå 1985) var det eigedomsskatt for bustader i sentrumsområdet, samt verk og bruk i heile kommunen.

 

Eigedomsskatteliste- offentleg ettersyn 22. februar 2017 (PDF, 1014 kB)

Hovedtaksering

Hovedtaksering vart utført i 2007, og gjeld i 10 år. Med verknad frå 01.01.2017, og i medhald til eigedomsskattelova §8 A-4, vedtok bystyret i møte 27.10.2016 å justere takstane opp med 10 % i forhold til den verdien som vart fastsett ved siste hovedtaksering. Bystyret vedtok i møte 15.12.2016 å justere ned promillesatsen frå 2,7 til 2,5 på bustad og frå 6,4 til 6,0 på næring.

Ny verdisetting

Dersom ein eigedom i tida mellom to ålmenne takseringar vert delt, når bygningar på eigedomen vert nedrevne eller øydelagde ved brann o.l, eller når det vert oppført nye bygningar på eigedomen skal det vere ny verdisetting, dersom det er grunn til å tru at endringa minst vil svare til eit verde på kr 50.000.

Frist for omtaksering

Fristen for å kreve omtaksering er i utgangspunktet 1. november i året før skatteåret, men Førde kommune har sett fristen for innmelding av endringar til 31.12. før skatteåret.

Om eigedomsskatten

Eigedomsskatten, promillesats, terminar, fritak etter eigedomsskattelova § 7 og utskrivingsområde blir vedtatt i bystyret kvart år i samband med budsjettbehandlingane.

Om taksten

Taksten skal vise den antatte marknadsverdien jf. eigedomsskattelova § 8 A-2 (1): Verdet av eigedomen skal setjast til det beløp ein må gå ut frå at eigedomen etter si innretning, brukseigenskap og lokalisering kan bli avhenda for under vanlege salstilhøve ved fritt sal.

NB: Eigedomsskattetaksten må ikkje forvekslast med likningsverdien for eigedomen som vert fastsett av skatteetaten!

Fritak

Frist for søknad om fritak etter § 7 er 1. september og eit eventuelt fritak vil gjelde for komande år.

Kunngjering

Eigedomsskatteliste med opplysningar om alle skattelagde eigedomane vert lagt ut til offentleg gjennomsyn før den 1.3. og ligg ute i minst 3 veker. Den ligg på kommunen si nettside, og i papirformat på Servicetorget på Førde rådhus og biblioteket.

Ansvarleg Dagun I. Muri. Sist endra 22.02.2017 av Marit Kleiven
Fann du det du leita etter?
bilde av personen: Dagun Indrebø Muri
Konsulent
Lover og forskrifter (1)

Snarvegar

 
 
Login for redigering