Avfallshandtering

Er du eigar av privat bustad i Førde kommune er du automatisk med i renovasjonsordninga til kommunen.  Avfallet frå hushaldninga vert henta ein gong per veke for restavfall og kvar fjerde veke for papiravfall.

 

Bruk boss-app for å hugse hentedag

Sunnfjord Miljøverk har utvikla ein app til iOS, Android og Windows phone. Søk opp "SUM Renovasjon" og last ned appen gratis. Appen hjelper deg til å hugse din hentedag. Du kan legge inn varsling kvelden før, same morgon – alt ettersom det passar deg. 

 

Plastlevering frå januar 2019

Frå januar 2019 har det vore mogleg å levere plastavfall til Sunnfjord Miljøverk. Du leverer plastavfallet samstundes som du leverer papiravfallet. Det er eigne avfallsposar til plast som du henger på kroken til papirdunken. Ta kontakt med Sunnfjord Miljøverk om du har spørsmål om plastlevering. 
 

Levering av glas og hermetikkboksar

Har du glas og hermetikkboksar til gjennvinning finn du igloar på Festplassen, Rørvikfloten handel og ved Bunnpris Bruland. 

Utlevering av bossdunkar

Skal du flytte inn i ny bustad og treng bossdunkar, kan du ta kontakt med Servicetorget på telefon 57 72 20 00. Du må ha fått ferdigattest på bustaden din før du bestiller bossdunkar. Sjå prisar for ulike bossdunkar. 
 

Bytte bossdunkar

Har du for liten bossdunk og ønskjer å bytte til ein større, ta kontakt med Servicetorget på telefon 57 72 20 00 eller via chat/nettprat. 


Nye bossdunkar blir køyrt ut kvar måndag, og det einaste du treng å gjere er å reingjere bossdunken din og sette den synleg ved huset ditt.
 

Heimekompostering

Opptil 30 % av hushaldningsavfallet (i vekt) er organisk avfall frå kjøkken og hage. Ved kompostering vert matrestar og grønt frå hagen brote ned og omdanna til god kompostjord. Med heimekompostering kan du redusere avfallsmengda med 50–100 kg per person per år. 

Komposteringsbingen skal godkjennast av kommunen. Bingen bør være prefabrikert, men du kan òg få godkjent ein plassbygd binge. Send søknad, og få reduksjon i renovasjonsavgifta. Her finn du skjema for avtale om heimekompostering.  (PDF, 71 kB)
 

Renovasjonsgebyr

Renovasjonsgebyr Gebyr 2019 (mva kjem i tillegg)
Type bossdunk 140 liter 240 liter 660 liter
Restavfall kr 2398 kr 4101 kr 11296
Papiravfall kr 285 kr 488 kr 1343
Samla kr 2683 kr 4589 kr 12639

 

Levering av større mengder avfall

Om du har større mengder avfall som til dømes hageavfall, møblar, interiør, bygge- og riveavfall kan du levere dette til Sunnfjord Miljøverk sin gjenvinningsstasjon - Einestølen/Hesjedalen. Levering på gjenvinningsstasjonen er gratis for abonnentar. 

> Sjå eigen informasjon om farleg avfall

Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Servicetorget er her for å hjelpe deg

Telefon : 57 72 20 00

Snarvegar