Visma Flyt Skule

Klikk for stort bilete

Skulane i Førde kommune skal frå 1. august 2018 ta i bruk Visma Flyt Skule som skuleadministrativt system. Elevar, grupper, lærarar og føresette er registrert i dette systemet, og fråver, merknader og karakterer på elevar, blir lagt inn her. I Visma Flyt Skule handterer vi også SFO-søknader og administrasjon av SFO-plassar. 

Føresette sin tilgang til Visma Flyt Skole

Som føresett kan du logge inn på Visma Flyt Skule med ID-porten (BankID, MinID, Commfides eller Buypass).

 

Føresette brukar Visma Flyt Skule til følgande:

  • Sjekke at kontaktinformasjon og personinformasjon for elev og føresette er riktig
  • Gi samtykke
  • Følge med på fråver, merknader, vurderingar og karakterer
  • Finne kontaktinformasjon til kontaktlærar
  • Søke, seie opp eller endre SFO-plass
  • Sjekke fakturagrunnlaget for SFO-plass
  • Sjå kva faggrupper og faglærarar eleven har

 

> Her finn du ei brukarrettleiing for Visma Flyt Skule (PDF, 346 kB)

 

Dersom du har problem med tilgang, ta kontakt med skulen. 

 

Visma Flyt Skule/ofte stilte spørsmål

Eg får ikkje logga inn frå mobiltelefon, kva gjer eg feil?

Innloggingen til Visma Flyt Skule er i utgangspunktet tilpassa tilsatte sin innlogging på mobiltelefon eller nettbrett. Dersom du får opp mobilsida med overskrift "Visma Flyt Skole - Ansatt" må du klikke på "Fullversjonen av Visma Flyt Skole" for å logge på som føresett. Føresette loggar inn med ID-porten (MinID/BankID eller tilsvarande).

Eg får ikkje gitt eller endra samtykke, korleis gjer eg det?

Før du kan redigere samtykke, må du først registrere generelt samtykke. Det gjer du ved å klikke på Generelt samtykke på framsida av foreldresida til Visma Flyt Skule. Deretter kan du gå inn på det enkelte barnet og redigere samtykke (klikk på lenka Rediger til høgre for kvart samtykke).

Eg får ikkje SMS-varsel frå skulen, kva kan vere feil?
  1. Logg inn på Visma Flyt Skule.
  2. På framsida skrollar du nedst på på sida og sjekkar at det er registrert korrekt mobilnummer på deg. Dette kan du eventuelt korrigere ved å klikke på Rediger-knappen nedst. NB! Dersom det står landskode (+47) foran telefonnummeret ditt, må du ta dette vekk. 
  3. Sjekk deretter kva varslingsinnstillingar som er sett opp for deg. Disse kan du endre ved å klikke på Varslingsinnstillinger på framsida. 

Kontakt

bilde av personen: Siv Gråberg

Siv Gråberg

Barnehagekonsulent
Telefon : 57 61 26 65
Mobil: 974 60 841

Snarvegar