Viltforvaltning

Kommunen har mellom anna forvaltningsoppgåver etter viltlova og forskrifter knytt til denne. Vi gjev råd og rettleiing i saker knytt til vilt og forvaltning av vilt.  Viltlova gjeld alle viltlevande landpattedyr, fuglar, amfibiar og krypdyr.

 

Aktuelt i 2018

Førde kommune skal delta i kartleggingsprogrammet for skrantesjuke under hjortejakta i 2018. Alle felte hjortedyr som er 2 år eller eldre skal testast for skrantesjuke. 

Døme på oppgåver i viltforvaltninga

  • Forvaltnig etter gjeldande lover og forskrifter
  • Fallvilt (påkøyrd og skadd/sjukt vilt)
  • Tildeling av fellingsløyve (hjort) for vald utan godkjent driftsplan
  • Kontroll/registrering av fellingsrapportar
  • Registrering og analyse av "sett hjort"
  • Godkjenning av vald
  • Godkjenning av driftsplanar
  • Forvaltning av kommunen sitt viltfond

Hjorteviltregisteret er ein nyttig reiskap for deg. Her legg kommunen inn informasjon om alle valda: Fellingsløyve/ fellingigsresultat, sett-hjort og slaktevekter. Her vil du òg finne tilgang til "sett og skutt" som er ei elektronisk løysing du sjølv kan bruke til å registrere sett-hjort og slaktevekt.

 

I Hjorteviltregisteret finn de og oversikt og informasjon om fallvilt (trafikkpåkøyrsler).
 

Nettstadar som gjev god informasjon om vilt, jakt og forvaltning:

Kontakt

bilde av personen: Oddbjørn  Sellevoll

Oddbjørn Sellevoll

Rådgjevar
Telefon : 57 61 27 23
Mobil: 905 33 509

Snarvegar