Vassfylling for tankbilar

Førde kommune har etablert stasjon for fylling av vatn på tankbilar. Hydranten er plassert i rundkøyringa i Hafstadparken. Tankbilane må stå i rundkøyringa når dei fyller, og det trengs ein slange på 5-10 meter.

 

Hydranten er merka med tankbilfylling, og vatnet kjem frå pumpekum i elva. Hydranten må opnast og lukkast varsomt, då det er 9 bar trykk i den.

 

Fyllinga er gratis, men vatnet har ikkje drikkevasskvalitet.

Kontakt

bilde av personen: Vidar Solhaug

Vidar Solhaug

Arbeidsleiar
Telefon : 959 89 613

Snarvegar