Utekontakten i Førde kommune

Tove Nedrebø er utekontakt i Førde kommune. Jobben til Tove er å drive forebyggande og oppsøkande arbeid for ungdom i alderen 13–23 år. Ho er til stades der ungdomane er, både på dag- og kveldstid. Du kan også ta kontakt med ho om du er bekymra for ein ungdom. 

Følg utekontakten på sosiale media eller ta kontakt via

Dette kan utekontakten hjelpe deg med

  • Følge deg opp med skule, jobb og fritidsaktivitetar 
  • Gi råd, rettleiing og sette i gang tiltak for grupper og enkeltungdommar 
  • Gi omsorg, hjelp og støtte 
  • Samtalar med ungdom/foreldre 
  • Motivere til å søke hjelp 
  • Gi råd om dine eller andre sine rusproblem 
  • Samarbeider tverrfagleg med andre som skular, barnevern, politi og helsestasjon
     

Du kan snakke med utekontakten om alt

Du kan ta kontakt med Tove om du vil snakke med vaksne som forstår deg, støtter deg og som vil at du skal få det betre. Du kan snakke med utekontakten om kva som helst, ho har teieplikt. Døme på tema ungdom vil snakke om er:

  • vansker med skule, venner, familie, seksualitet, følelsar, spiseforstyrrelsar, overgrep, rus, mobbing, einsemd eller andre ting.

Kontakt

Tove Nedrebø

Utekontakt
Mobil: 415 30 913

Snarvegar