Trus- og livssynssamfunn - tilskot

Trus- og livssynssamfunn treng ikkje sende ein eigen søknad til kommunen for utbetaling av kommunalt tilskot.

Kommunalt tilskot

Brønnøysundregisteret sender kvart år ei liste til kommunen som viser medlemstal i ulike trus- og livssynssamfunn. Kommunen utbetaler tilskotet etter ein sats per medlem.

 

Tilskotssats

Tilskotssatsen vert rekna ut frå det kommunale tilskotet til Den norske kyrkja  per statskyrkjemedlem i kommunen.

 

Klagefrist

Klage på tildeling av tilskot skal sendast Førde kommune innan tre veker etter at vedtaket er mottatt. Dersom kommunen opprettheld vedtaket går klagen vidare til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

 

Statleg tilskot

Søknad om statleg tilskot til trus- og livssynssamfunn sender du til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Servicetorget er her for å hjelpe deg

Telefon : 57 72 20 00

Snarvegar