Torgplass og utstillingsplassen

Pris for leige av torget/plassen framfor Førde rådhus

  • 100 kroner per døgn (utan straum)
  • 300 kroner per døgn (med straum)

Torgplass under Førdefestivalen

Førde kommune har tilgang til eit avgrensa tal torgplassar i sentrum sør, men ikkje framfor Førde rådhus. Grunnen til det er at Førdefestivalen brukar plassen til arrangement under festivaldagane.  

 

For å bestille torgplass sender du ein kort e-post til posttmottak@forde.kommune.no.

 

Utstillingsplassen

Førde kommune leiger ut utstillingsplassen (Festplassen) til ulike arrangement og aktørar: konsertar, tivoli, sirkus, husdyrutstillingar med meir. 


Prisen for leige av utstillingsplassen for kommersielle føremål er 1750 kroner per døgn. Utstillingsplassen kan du bestille ved å sende ein førespurnad til posttmottak@forde.kommune.no.

 

Har du spørsmål om torgplass?

Vi svarar gjerne på spørsmål. Ring oss på 57 72 20 00 eller kontakt oss via chat.

Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Servicetorget er her for å hjelpe deg

Telefon : 57 72 20 00

Snarvegar