Tiltak langs 100-metersbelte mot sjø og vassdrag

Skal du bygge, rive eller endre bygning, endre terreng eller gjere andre tiltak i 100-metersbelte mot sjø eller vassdrag? 

Ver merksam på at det i utgangspunktet ikkje er lov å bygge i 100-metersbelte mot sjø og vassdrag. Bakgrunn for byggeforbodet i strandsona er omsynet til ålmenta sitt behov for rekreasjonsområder, og naturverninteressene som gjer seg gjeldane i strandsona.

Byggeforbodet gjeld:

  • All bygning, konstruksjon, anlegg, terrenginngrep og inngjerding.

Det betyr mellom anna at bustader, hytter, brygger, moloar, plattingar, gjerder, hekker og murer blir ramma av byggeforbodet.

Forbodet gjeld også vesentleg endring av eksisterande bygning, konstruksjon, anlegg, inngjerding eller terrenginngrep. Forbodet gjeld ikkje tiltak som er knytt til stadbunden næring.

Byggeforbodet i 100-metersbeltet gjeld i heile kommunen så langt ikkje anna byggegrense er gitt i kommuneplanen sin arealdel eller reguleringsplan.

For at det skal kunne bli gitt løyve til eit tiltak må det altså vere i samsvar med gjeldande plan. Dersom tiltaket er i strid med arealformålet i planen vil det krevje dispensasjon for å få løyve. Dispensasjon kan bli gitt dersom det ligg føre særskilde grunnar. I slike vurderingar skal fordelane vere klart større enn ulempene. Det kan settast vilkår for dispensasjonen.


Dersom det ligg føre ein reguleringsplan i strandsona, så er det den aktuelle planen som styrer bruken av området og legg føringar for kva og kvar ein kan bygge.

 

 

 

 

 

 

Publisert av Vedvik Sissel. Sist endra 23.05.2016 av Marit Kleiven
Fann du det du leita etter?

Snarvegar

 
 
Login for redigering