Tilskotsmidlar innan kultur og idrett

Kulturmidlar

Kulturmidlar skal vere ei støtte til lag og organisasjonar som driv allment kulturarbeid i Førde kommune. Det finst to ulike tilskotsordningar:


Om du treng hjelp til å søkje, eller om du treng tilgang til datamaskin, ta kontakt med Servicetorget på telefon 57 72 20 00 eller på chat/nettprat.


Lag og organisasjonar som søkjer må vere basert på individuelt medlemskap og vere opne for alle. 

 

Spelemidlar til idrettsanlegg

Kommunen gjev rettleiing og behandlar søknader om statlege spelemidlar til anlegg og område for idrett og friluftsliv.

 

  • Søknadsfrist til Førde kommune kvart år: 1. desember
     

Søknader skal fyllast ut på  søknadsskjema frå Kulturdepartementet, men sendast til Førde kommune. Vi behandlar søknaden og sender vidare til fylkeskommunen innan 15. januar kvart år. Det er fylkeskommunen som avgjer søknaden. 
 

Det kan søkjast om tilskot til:

  • Nybygg av idretts- og friluftsanlegg.
  • Rehabilitering av idretts- og friluftsanlegg.
  • Nærmiljøanlegg (utandørsanlegg for fysiske aktivitetar i tilknyting til buområde).
     

Kven kan søkje om spelemidlar?

Kommunar, idrettslag og andre samanslutningar kan søkje om spelemidlar til idrettsanlegg.


Føresetnad for søknader om spelemidlar i Førde kommune

  • Anlegget må vere med i Kommunedelplan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv (PDF, 521 kB)
  • Planane for anlegget det vert søkt om må på førehand vere godkjent av kommune/departement.
  • Førehandsgodkjenning må føreligge før arbeidet vert sett i gong.
  • Anlegget skal ikkje drivast på kommersiell basis. 
  • Spelemiddelsøknaden sendast elektronisk, du finn søknadsskjema på idrettsanlegg.no
  • Søknaden sender du til Førde kommune, som behandlar søknaden og sender den vidare til fylkeskommunen innan 15. januar kvart år. Det er fylkeskommunen som avgjer søknaden. 


Kva er spelemidlar?

Spelemidlar er overskotet frå dei ulike spela som vert administrert av Norsk Tipping, og som vert fordelt til ulike allmennyttige føremål.

 

Den viktigaste målgruppa for spelemidlar til idrettsføremål er barn og ungdom.. 

 

All informasjon om spelemidlar på idrettsanlegg.no

> Gå til Idrettsanlegg.no for å finne søknadsskjema og meir informasjon om spelemidlar

 

Spørsmål?

Har du spørsmål, ta kontakt med Servicetorget på chat/nettprat eller tlf. 57 72 20 00.
 

Kontaktperson for tilskotsmidlar innan kultur og idrett:

  • Kommunalsjef Trond Ueland, tlf. 913 37 410/57 61 27 05

 

Publisert av Torunn Rygg. Sist endra 07.02.2017 av Marit Kleiven
Fann du det du leita etter?

Snarvegar

 
 
Login for redigering