Tilknyting til offentleg vass- og avløpsnett

Du må søkje kommunen om løyve når du skal kople private vass- og avløpsledningar til kommunalt eller anna offentleg VA-nett.

Du må søkje både ved første gongs tilkopling, og ved seinare endringar og utvidingar av eksisterande tilkopling

 

Prisar for tilknyting til vatn og avløp

Tilkoplingsgebyr er eit eingongsgebyr som må betalast i samband med at du knytar eigedommen din til det kommunale vass- og kloakknettet, eller at du får pålegg om slik tilkopling. 

Tilkoplingsgebyr for vatn og kloakk Gebyr 2017
Tilkoplingsgebyr for vatn og kloakk
TilkoplingsgebyrVatn Kloakk
Arealklasse 1 (0-90 m2)20002000
Arealklasse 2 A (91-200 m2)40004000
Arealklasse 2 B (201-350 m2)60006000
Arealklasse 3 (351 m2 -450 m2)80008000
Deretter per 100 m210001000
Alle prisar er oppgitt utan mva som kjem i tillegg med 25 %

Søknad om tilknyting

For å kunne knytte deg til det offentlege vass- og avløpsnettet må du søkje kommunen om tilknyting. Det kan gjelde for nye byggjetiltak eller dersom du får pålegg om tilknyting etter reglane i plan- og bygningslova. 

 

Søknad om tilknyting til offentleg VA-nett skal underteiknast av abonnent/utbyggar og ansvarleg føretak som skal utføre arbeidet. 


Søknaden skal innehalde målsett situasjonsplan som viser bygningar, installasjonar og leidningar. I tillegg må nødvendig teknisk dokumentasjon, og eventuelle avtalar og tinglyste rettar leggast ved. 

 

Skjema som gjeld tilknyting til vatn og avløp

 

Saksgang

Før tilknyting kan utførast, skal søknaden vere godkjed, og tilkoplingspunkt påvisast av kommunen. Når tilkoplinga er utført, skal ansvarleg føretak sende melding til kommunen, med dokumentasjon av utført arbeid.

 

Vassmålar 

Alle bygningar og deler av bygningar som ikkje skal nyttast til bustad, skal ha innstallert vassmålar for registrering av vassforbruk. 

Bustadabonnentar kan også installere vassmålar for registrering av forbruk. 

Dimensjon og type vassmålar, med nødvendig dokumentasjon av forventa forbruk, skal dokumenterast og godkjennast før montering. 

 

Skjema som gjeld vassmålar

Årsgebyr for vatn og kloakk

Årsgebyr for vatn og kloakk er eit årleg gebyr som du må betale til Førde kommune når eigedommen din er tilknytta det kommunale vass- og kloakknettet.

Kommunen reknar årsgebyr for vatn og kloakk frå den dato du har fått ferdigattest/bruksløyve på bygget. Har du spørsmål kring fakturering ta kontakt med Servicetorget på tlefon 57 72 20 00. 

Årsgebyr for vatn og kloakk Gebyr 2017
Årsgebyr for vatn og kloakk
ArealklasseVatnKloakkSamla
Arealklasse 1 (0 - 90 m2)133922703609
Arealklasse 2 A (91 - 200 m2)204734785525
Arealklasse 2 B (201 -350 m2)247342026675
Arealklasse 3 (351 - 450 m2)282748067633
Deretter pr.100 m2141824153833
Pris målt forbruk pr m314,1824,15
Alle prisar er oppgitt utan mva som kjem i tillegg med 25 %

Grunnlaget for utrekning og innkreving av desse avgiftene, ligg i lokale forskrifter og gebyrregulativ:

 

Fråkopling av vatn og avløp

Fråkopling av eksisterande stikkledningar skal utførast av fagkunnig føretak, og meldast til kommunen før fråkopling skjer.

 

Skjema som gjeld fråkopling

 

Publisert av Arve Hornnes. Sist endra 07.02.2017 av Marit Kleiven
Fann du det du leita etter?
Artikkel (1)

Snarvegar

 
 
Login for redigering