Terrasse, platting, veranda eller balkong

Skal du bygge, rive eller endre på terrasse, platting, veranda eller balkong?

Du treng ikkje søke dersom:

  • Terrassen/plattingen er lågare enn 0,5 meter over ferdig planert terreng. Slike terrassar og plattingar vert ikkje omfatta av avstandskravet, og kan plasserast nærare nabogrensa enn 4 meter
  • Verandaen er inntil 15 kvadratmeter, utan rom for varig opphald, minst 4 meter frå nabogrensa
  • Tiltaket vert bygd med tilstrekkeleg avstand frå offentleg regulert veg. Kor nær du kan plassere bygningen avhenger av når reguleringsplanen for eigedomen din vart vedteken.


Du kan søke på eiga hand dersom:

  • Terrassen/plattingen er under 50 kvadratmeter
  • Verandaen er mellom 15-50 kvadratmeter og vert bygd eller riven på einebustad, tomannsbustad eller rekkehus
     

> Sjå korleis søke om byggetiltak
 

Du må søke med hjelp frå fagfolk dersom:

  • Terrassen/plattingen er over 50 kvadratmeter
  • Du skal bygge eller rive ein takterrasse
  • Du skal bygge eller rive ein balkong

> Sjå byggesaksgebyr for søknadspliktige tiltak (PDF, 71 kB)

 

Generelt om tilpassing

Ved planlegging av terrasse er tilpassing til eksisterande bygning viktig. Bruk gjerne ein person med arkitektfagleg kompetanse som kan gi råd og som eventuelt kan teikne denne konstruksjonen for deg.

Terrasse på terreng må utformast på ein slik måte at ein unngår store terrengendringar.

 

Snakk med naboen

Sett deg inn i naboen sin situasjon og unngå plassering som verkar sjenerande for nabo, t.d. sjenerande innsyn. Det er alltid lurt å ha ein dialog med naboen før du bygger. 

 

Definisjon av terrasse/platting, veranda og balkong

  • Terrasse/platting er ein konstruksjon for uteareal over bakkenivå, ofte med trapp til terreng
  • Veranda er ein open bygningsdel, understøtta og eventuelt overdekka av tak. Den kan godt vere lukka, som til dømes ein glasveranda
  • Balkong er eit utstikk og open bygningsdel som er plassert foran ei vindusdør på bygningen sin fasade. Den er omgitt av rekkverk og er ikkje understøtta.

 

Arealplan - kva avgrensingar gjeld på min eigedom? 

Det vil vere avgrensingar i kommune- og reguleringsplan for kva du kan bygge. Pass på at tiltaket er innafor desse avgrensingane før du går i gang med planlegginga.


Du får reguleringskart og reguleringsføresegner via kartsidene til Førde kommune eller på Servicetorget.

 
Publisert av Vedvik Sissel. Sist endra 29.01.2016 av Marit Kleiven
Fann du det du leita etter?

Snarvegar

 
 
Login for redigering