Støttesamtalar

Dette er samtale og støtte i kvardagen med psykiatrisk sjukepleiar/spesialutdanna miljøterapeut.Tenesta er til deg som bur heime med psykisk liding eller som er i ein vanskeleg livssituasjon. Hjelpa kan vere støttesamtalar, medisinhandtering, råd og rettleiing, både for deg og for dei rundt deg.

Korleis få tenesta?

Du må bu eller opphalde deg i Førde kommune, og du må sende ein signert skriftleg søknad.

 

Tildelingseininga behandlar søknaden, og vi tek kontakt slik at vi får kartlagt dine behov saman med deg.

Gå til søknadsskjema > (PDF, 46 kB)

 

Send søknad til:

Førde kommune
v/Tildelingseininga
Postboks 338
6802 Førde

 

Kontaktinformasjon

Ved spørsmål knytt til søknad, ta kontakt med:

  • Tildelingseininga på tlf: 57 72 20 00, kvardagar kl. 09:00–15:00

Ved spørsmål knytt til tenestetilbodet, ta kontakt med:

  • Psykiatrisk sjukepleiar Camilla Sørensen:  57 72 21 57 / 95 96 50 98
Publisert av Tildelingseininga. Ansvarleg Tore Eide. Sist endra 06.07.2017 av Marit Kleiven
Fann du det du leita etter?
bilde av personen: Tore  Eide
Leiar Psykiatritenesta

Snarvegar

 
 
Login for redigering