Støttemur, terrengendring og drenering

Skal du bygge, rive eller endre støttemur, endre terreng og/eller drenering?

  • Terrengendring kan vere fylling av masse, planering, graving, masseuttak, steinbrot eller sprenging av terreng.
  • Støttemur er ein konstruksjon som blir brukt til sikring eller opparbeiding av terreng. Den kan vere i ulike typar materiale, som stein, metall eller tre.
     

Du treng ikkje å søkje:

  • Ved mindre fylling eller planering av terreng
  • Ved terrengendring opptil 1,5 meter i tettbygd strøk
  • Ved terrengendring opptil 0,5 meter for rekke- eller andre kjedehus i tett busetnad.
  • Viss avstanden frå fyllingsfot til nabogrense er over 2 meter.
  • Om støttemuren er inntil 1 meter høg, med avstand til nabogrense over 1 meter.
  • Om støttemuren er inntil 1,5 meter høg, med avstand til nabogrense over 4 meter.

Støttemuren må ikkje hindre frisiktsone mot veg.

Du er sjølv ansvarleg for at tiltaket følgjer gjeldande krav etter plan- og bygningslova.

Dersom tiltaket kjem i kontakt med vatn- og avlaupsledningar, må du avklare dette med teknisk drift i kommunen, telefon 959 89 613. 

 

Arealplan - kva avgrensingar gjeld på min eigedom?

Det kan vere avgrensingar i kommune- og reguleringsplan for kva du kan gjere på din eigedom. Pass på at tiltaket er innafor desse avgrensingane før du går i gang med planlegginga. Du får reguleringskart og reguleringsføresegner via kartsidene til Førde kommune eller på Servicetorget.

 

Du må søkje med hjelp frå fagfolk dersom:

  • Terrengendringa eller støttemuren medføre endringar som er større enn det som er nemnt over.
  • Terrengendringa medføre større endringar enn det som er nemnt over, men vi kan frita for ansvarsrettar der det ikkje er fare for skade og ikkje er forureining i grunnen

 

Kva kostar det?


Byggesaksgebyr støttemur:
 
Gebyr Tiltaksklasse 1 Tiltaksklasse 2 Tiltaksklasse 3
Støttemur  1050 2090 4080

 

Sjå byggesaksgebyr 2017 (PDF, 71 kB)

 

Sikring og estetikk

Det kan vere nødvendig å montere sikringstiltak som gjerde eller annan innretning på topp av støttemur for å hindre fallulykker,jf. byggteknisk forskrift § 10-1.

Ved utforming og plassering må det takast estetiske omsyn slik at muren i tillegg til å vere funksjonell og sikker, også gir eit tiltalande preg på eigedomen jf. plan- og bygningsloven §§ 29-1 og 29-2.
 

Bygging av støttemur over kabler

Dersom støttemuren skal byggast over leidningar, må det hentast inn løyve frå eigar av anlegget. Der leidningane er eigd av kommunen skal teknisk drift kontaktast på telefon 959 89 613.
 

Publisert av Marit Kleiven. Sist endra 07.02.2017 av Marit Kleiven
Fann du det du leita etter?

Kontakt

Snarvegar

 
 
Login for redigering