Støttekontakt

Støttekontakt er eit fritidstilbod med tilpassa aktivitet saman med ein eller fleire. 
Tilbodet er tilpassa interesse og behov.

Målsetting med tenesta

  • Skal bidra til ei meiningsfull fritid saman med andre.
  • Legge til rette for at du kan finne deg vener og få eit nettverk.
  • Bidra til at du vert tryggare på deg sjølv, og i større grad kan meistre ulike livssituasjonar.
  • Bryte eller hindre sosial isolasjon og einsemd.
     

Praktisk informasjon om tenesta

  • Støttekontakt er til fritidsaktiviteter.
  • Treningskontakt er støttekontakt  der målsetting er hjelp til å kome i form med fysisk aktivitet.
  • Støttekontakt -og treningskontakt er gratis.
  • Det kan vere at du må søkje om følgjekort.
     

Andre fritidsaktivitetar

  • Ti-kaffi på Kyrkjelydshuset (onsdagar kl. 10:00 -13:00)
  • Onsdagstur
     

Korleis få tenesta?

  • Du må ha fast bustad i Førde kommune, og du  må sende skriftleg signert søknad.
  • Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden må du samstundes fylle ut ei Skriftleg fullmakt  (PDF, 18 kB)og levere den med søknaden. 
  • Tildelingskontoret handsamar søknaden og du vil bli kontakta slik at det kan bli gjort ei kartlegging saman med deg av dine behov.

Du brukar søknadsskjema for helse- og omsorgstenester for å søkje om støttekontakt: 
 

Gå til søknadsskjema > (PDF, 74 kB)

 

Send søknad til:

Førde kommune
v/ Tildelingskontoret
Postboks 338
6802 Førde

 

For spørsmål, ta kontakt med:

  • Tildelingskontoret på tlf: 57 72 20 00 kvardager mellom kl. 09:00–15:00
  • Førde ressurssenter: Lise Beth Hånes, tlf: 908 11 667
     

Jobbe som støtte- og treningskontakt?

Det er mange vaksne i Førde kommune som treng støtte- eller treningskontakt. Nokon treng hjelp i ein overgangsfase, medan andre har større behov. 
 

Dette kan vere personar som har vanskar med å kome seg ut på eigahand, eller som på grunn av alder, funksjonshemming eller sosiale problem har behov for ei tilrettelagt fritid. 
 

For å jobbe som støttekontakt må du vere over 18  år. Ønskjer du å vere treningskontakt, må du ha treningskontaktkurs. Du må i tillegg ha politiattest.  
 

Gå til søknadsskjema > (PDF, 56 kB)

 

Send søknad til: 

Førde kommune
v/Tildelingskontoret
Postboks 338
6802 Førde 

Publisert av Catrine Vagstad. Sist endra 16.12.2016 av Marit Kleiven
Fann du det du leita etter?

Kontakt

Konsulent
Fagleiar Tildelingskontoret

Snarvegar

 
 
Login for redigering