Sosiale tenester i NAV Førde

På NAV Førde kan du få følgjande tenester: 

  • Råd og rettleiing dersom du har vanskar med økonomi, gjeld, bustad, helse, familieforhold eller anna.
  • Økonomisk sosialhjelp til naudsynt livsopphald dersom du ikkje kan sørgje for dette gjennom arbeid eller andre inntekstskjelder.
  • Mellombels bustad dersom du er i ein situasjon der du ikkje klarar å skaffe deg dette sjølv. 
  • Individuell plan dersom du har behov for langvarige og koordinerte tenester saman med andre instansar.
  • Kvalifiseringsprogram dersom du har nedsett arbeids- og inntektsevne, og ikkje har rett til ytingar etter folketrygdlova eller arbeidsmarknadslova. 

Korleis søke?

Søknad om alle tenester må vere skriftleg, men NAV-kontoret kan hjelpe deg med å skrive søknaden dersom du har vanskar med dette. 

 

Gå til søknadsskjema > (PDF, 36 kB)

 

Søknadsskjema kan òg hentast på Servicetorget og på NAV Førde i Hafstadvegen 40 B.

 

Alle som søkjer om sosiale tenester får ei individuell samtale, der vi kartlegg behov for tenester og eventuell vidare oppfølging. Det er inga særskild aldersgrense knytt til å få vurdert behov for tenester.
 

Treng du hjelp til å fylle ut søknaden, ta kontakt:

Kontaktinformasjon NAV Førde
Kontaktinformasjon NAV Førde
Telefon OpentAdresseE-post
55 55 33 33 (08:00-15:30)10:00-14:00Hafstadvegen 40 Bnav.forde@nav.no

 

Gjeldsrådgjeving

Dersom du har økonomiske problem kan du også ringe:

Her får du enkle råd og hjelp til sjølvhjelp. 

 

Det er gratis å ringe frå fasttelefon. Ringer du frå mobiltelefon, kan vi ringe deg tilbake om du ønskjer det. 

Publisert av Magne Kjetil Berg. Sist endra 14.06.2016 av Marit Kleiven
Fann du det du leita etter?
Tenesteeining (1)
Sjå også (1)
Lover og forskrifter (1)

Snarvegar

 
 
Login for redigering