Det er Miljøservice AS i Stryn som utfører tømming av septiktankar i Førde kommune. Dersom du treng ekstratømming utanom oppsett tidsplan kan du ta direkte kontakt med:
Dersom du har ein septiktank (slamavskiljar) kan du sjølv sjekke kor tid den skal tømmast, eller kor tid den vart tømt sist.
Det faste gebyret for slamtømming kjem på fakturaen for kommunale avgifter. Dersom du bestiller ekstratømming får du ekstra faktura på den.
Eigaren av septiktanken med reinseanlegg (spreiegrøft, dome eller tilsvarande) er ansvarleg for at anlegget fungerer som tenkt og at det ikkje fører til forureining. Eigaren må føre kontroll med anlegget og reparere det om det blir oppdaga feil og manglar.