Skjenkeløyve

Dei som driv ein serveringsstad der det vert servert alkohol må ha eit serverings- og skjenkeløyve. Vanlegvis gjeld skjenkeløyve for ein kommunestyreperiode, det vil seie 4 år.

Løyveperiode i Førde

Noverande løyve gjeld frå 1. juli 2016 og fram til 30. september 2020. I Førde vil løyva bli vidareført i neste periode utan krav om ny søknad. Føresetnaden er at det ikkje er merknader til søkjarane frå politiet. 

 

Skal du starte ein serveringsstad med skjenking?

Nyetableringar må søkje om skjenkeløyve før oppstart. Søknad om skjenkeløyve skal til politisk behandling og det kan difor ta opptil 3 månader før du får svar. Søk difor i god tid før oppstart. 

 

Har du overtatt ein eksisterande serveringsstad?

Om du har overtatt ein eksisterande serveringsstad, kan du drive vidare på tidlegare eigar sitt løyve medan du ventar på at din søknad vert behandla. Dette gjeld kun i ein overgangsfase på tre månader og berre om bestemte vilkår er oppfylt. 

 

Korleis søkje om skjenkeløyve?

Bruk det elektroniske søknadsskjema. Søknadsskjema kan mellomlagrast, slik at du kan gå tilbake til søknaden på eit seinare tidspunkt. 
 

Om du treng hjelp til å søkje, eller om du treng tilgang til datamaskin, ta kontakt med Servicetorget på tlf. 57 72 20 00 eller på chat/nettprat. 
 

Gå til søknadsskjema >

 

Vedlegg som må følgje søknaden 

  • Firmaattest for alle selskap som er involvert i drifta
  • Utskrift av Foretaksregisteret si rolleoversikt for fysiske personar som eig meir enn ein 3-del av føretaket
  • Utskrift av Foretaksregisteret si rolleoversikt for foretaket sin daglege leiar
  • Skatteattest for driftsselskapet
  • Teikning/plan for uteservering
  • Vitnemål som stadfestar at styrar og varastyrar har greidd kunnskpsprøve om alkohollova
  • Konseptutgreiing: Opplysningar om kva slag skjenkestad det er, målgruppe, opningstider, eventuell underhaldning eller anna verksemd i tilknyting til skjenkestaden
     

Krav til søkjar

  • Alkohollova og serveringslova stiller krav om uklanderleg vandel
  • Styrar og varastyrar må ha bestått kunnskapsprøva i alkohollova for å kunne søkje om skjenkeløyve
  • Dagleg leiar må ha bestått etablerarprøva for å kunne søkje om serveringsløyve
  • Styrar og varastyrar må vere over 20 år
  • Styrar og varastyrar må vere tilsett på staden eller arbeide der i kraft av eigarstilling

 

Kor lang tid tek det?

Det kan ta opptil 3 månader før du får svar på søknaden din. Søk difor i god tid før oppstart. Politiet og sosialtenesta skal uttale seg, deretter skal søknaden opp til politisk behandling.  
 

Skjenketider i Førde kommune

Innandørs skjenking:

  • Skjenking av alkoholhaldig drikk gruppe 1 og 2 (øl og vin) kan skje frå kl. 08:00 til kl. 02:00
  • Skjenking av alkoholhaldig drikk gruppe 3 (brennevin) kan skje frå kl. 13:00 til kl. 01:00 

Utandørs skjenking:

  • Skjenking av alkoholhaldig drikk gruppe 1 og 2 (øl og vin) kan skje frå kl. 08:00 til kl. 24:00 
  • Skjenking av alkoholhaldig drikk gruppe 3 (brennevin) kan skje frå kl. 13:00 til kl 24:00

 

Serveringsstader med uteservering av alkoholhaldig drikk, kan søkje om løyve til å servere alkoholhaldig drikk ute i tida kl. 24:00 til kl. 02:00 (brennevin fram til kl. 01:00). Føresetnaden for utvida skjenketid utandørs er at bystyret finn området og serveringstilhøva gode nok med omsyn til kontroll, miljø og trafikk. 

 

Opningstider for serveringsstader i Førde kommune

  1. Serveringsstader kan halde opent mellom kl 06:00 og kl 03:00 (matservering).
  2. Bystyret kan fastsette reduserte opningstider for den enkelte serveringsstad.
  3. Bystyret gir formannskapet mynde til, når særlege grunnar foreligg, å gje løyve til å lukke seinare eller opne tidlegare enn til dei tider som er fastsett for kommunen.
  4. Bensinstasjonar og storkioskar vert unnateke frå opningstid i punkt 1, med mindre formannskapet i enkelte tilfelle bestemmer noko anna.
     

Alkoholpolitikk i Førde kommune

Publisert av Marit Kleiven. Sist endra 21.12.2016 av Marit Kleiven
Fann du det du leita etter?

Kontakt

Snarvegar

 
 
Login for redigering