Skilt og reklame

Skal du sette opp, endre eller ta ned skilt og/eller reklame?

Oppføring av skilt og reklameinnretning knytt til forretningsdrift er i utgangspunktet søknadspliktig. Alle skilt og reklame må settast opp i samsvar med reglar for skilt og reklame for Førde.

Det vert i utgangspunktet tillatt berre eitt skilt pr. verksemd. Fleire skilt kan godkjennast ved behandling av ein samla skiltplan eller der verksemda disponerer fleire innganger.
 

> Førde kommune sine reglar for skilt og reklame (PDF, 595 kB)

Du treng ikkje søkje dersom:

  • Nytt skilt skal erstatte eksisterande skilt med tilsvarande utforming som er godkjent av kommunen tidlegare.

 Du kan søkje på eiga hand dersom:

  • Skilt- eller reklameinnretningen er mindre enn 6,5 kvadratmeter og innretningen er montert flatt på vegg, eller med høgde inntil 3,5 meter og breidde inntil 1,5 meter montert frittståande på terreng.

Merk at:

Desse retningslinene gjeld ikkje plassering av skilt- og reklameinnretningar som kan utgjere fare for personleg tryggleik, og heller ikkje når fleire skilt skal monterast på same stad eller same fasade. Montering av skilt på fasade mot eit fortau vert rekna som ein fare for persontryggleik.

Lysande skilt er alltid søknadspliktig.

 

Du må søkje med hjelp frå fagfolk dersom:

  • Skiltet skal førast opp eller takast ned på fasade mot fortau.
  • Du skal montere eller ta ned fleire skilt på same fasade.
  • Skilt- eller reklameinnretning er større enn 6,5 kvadratmeter.
  • Skiltet er opplyst.

Dette betyr at du må ta kontakt med fagfolk som kan stå ansvarleg og søkje for deg (ansvarleg søkjar).

Din rolle i saka er å vere tiltakshavar. Det vil seie at du eig tiltaket, men at fagfolk (arkitekt, eit byggefirma eller nokon annan som er kvalifisert) må fylle ut søknaden for deg. Prosjektering og utføring må også gjerast av fagfolk som du må engasjere og inngå avtalar med. Dei må ha ansvarsrett, sentral eller lokal godkjenning.

Direktoratet for byggkvalitet (DIBK) har lista opp firma med sentral godkjenning.


> Sjå byggesaksgebyr for søknadspliktige tiltak (PDF, 71 kB)

 

Estetikk og tilpasning

Skilt og reklame må tilpassast bygningen sin arkitektur og området sin eigenart.

Ved oppføring av nybygg bør teikningane vise korleis skiltinga skal løysast.

Oppsetting av skilt etter at bygget er ferdig, er likevel mest aktuelt. Kravet til bygningstilpasning kan då løysast ved å bruke transparente løysninger, dvs. lause bokstavar, konturskårne logoar osb på fasadane. Slike løysningar vil sjeldan dekke til fasadane og bygningstekniske detaljar. Det vil derfor ikkje verke "forstyrrande" i forhold til fasaden på same måte som skiltplater. Det kan då også aksepterast noko større format enn på tradisjonelle skilt.

Plateskilt plassert i naturlege nisjer i bygget kan også tilfredsstille krava til bygningstilpasning.

Folie på vindauge kan som ein hovedregel gjevast løyve til i avgrensa omfang, spesielt ved transparente løysingar.

Det er viktig å sikre gode tekniske løysingar, kvalitetsmessig og rett materialbruk (dette vil i stor grad vere avhengig av bygningen sine fasadematerialar).

 

Kva må følge søknaden?

  • Skjema for søknad om tiltak (Elektronisk via Byggsøk eller papirblankett).
  • Søknad om ansvarsrett
  • Gjenpart av nabovarsel og eventuelt nabomerknader med dine kommentarar. 
  • Fasadeteikningar eller fotomontasjar
  • Målsett oppriss av skilta og situasjonskart som viser plassering i høve andre bygg.
  • Dersom ein skal godkjenne skilt for fleire verksemder må det leggast fram skiltplan som syner prinssippa for plassering, utføring, materialbruk og storleik for skilt innanfor eit avgrensa område/ bygning/ fasade. Godkjent skiltplan gjer det mogleg å endre enkeltskilt innafor råmene fastlagt i skiltplanen. 

Søknad om skilting skal i utgangspunktet nabovarslast, men kommunen kan gjere unntak i særlege høve.

Publisert av Tore Gjelsvik. Sist endra 07.02.2017 av Marit Kleiven
Fann du det du leita etter?

Snarvegar

 
 
Login for redigering