Sjukeheimsplass - Førde helsetun

Førde helsetun, Langebruvegen 32, er Førde sin sjukeheim. Her kan dei tilby: rehabilitering, korttids- og avlastningsplass, samt sjukeheimplass. Du kan følge Førde helsetun på Facebook
 

Gjeld spørsmålet ditt omsorgsbustad, sjå informasjon om omsorgsbustad

 Kven kan få sjukeheimsplass?

  • Langtidsplass er for eldre som har eit stort behov for omsorg og pleie heile døgnet, men som ikkje treng behandling på sjukehus. 
  • Korttidsopphald på sjukeheimen er for deg som har behov for rehabilitering, habilitering eller utredning. 
  • Avlastningsplass er til pårørande som har særleg tyngande omsorgsoppgåver.
  • Før sjukeheimsplass vert innvilga skal det vere prøvd ut med tenester i heimen.
     

Korleis søke?

  • Du må bu eller opphalde deg i kommunen, og du må sende ein skriftleg signert søknad.
  • Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden må du samstundes fylle ut ei Skriftleg fullmakt (PDF, 18 kB) og sende den med søknaden.

Gå til søknadsskjema > (PDF, 574 kB)

 

Send søknad til:

Førde kommune
v/Tildelingseininga
Postboks 338
6802 Førde 
 

Kva skjer vidare?

  • Når du søker om helse- og omsorgstenester er det Tildelingseininga som behandlar søknaden. Vi tek kontakt med deg slik at det kan bli gjort ei kartlegging saman med deg av dine hjelpebehov.
  • Vi behandlar søknaden så raskt som mogleg. Dersom søknaden ikkje kan avgjerast innan ein månad, får du ei skriftleg melding om grunnen til det. 
  • Om du får tilbod om sjukeheimsplass, blir du tildelt ein korttidsplass eller ein langtidsplass. 
     

Kva kostar det?

  • Kor mykje du skal betale for langtidsplass på sjukeheim avhenger av din økonomi. Du betalar 75 % av grunnbeløpet (96 883 kroner) og 85 % av tilleggspensjon og renteinntekter. Skatt vert trekt ifrå.
  • Korttidsplass kostar 165 kroner per døgn (prisar i 2019)
  • Dagopphald kostar 85 kroner per dag (prisar i 2019)
     

For spørsmål om søknad, ring

  • Tildelingseininga på telefon 57 72 20 00 kvardager, kl. 09.00–15.00

 

Brukar- og pårørandeutval 

I Førde kommune er det etablert eit brukar- og pårørande utval (BPU) for å involvere pårørande på tenestenivå. Målet med eit BPU er at brukarar og pårørande skal kunne få hjelp til å fremme saker. Utvalet kan bidra til openheit, tillit og felles forståing mellom brukarar/pårørande, tilsette og leiing, betre samarbeid om kvalitet og forbetringsarbeid, trivselssaker m.m. Medlemmar i BPU har teieplikt i høve opplysningar om brukarar som dei kan få kjennskap til i kraft av vervet sitt i BPU.

Leiar for BPU

Kontakt

Førde helsetun, korttidseining

Vakttelefon
Mobil: 959 89 604

Førde helsetun, skjerma eining

Vakttelefon
Mobil: 474 67 412

Førde helsetun, langtidseining

Vakttelefon
Mobil: 915 33 988

Snarvegar