Situasjonskart og situasjonsplan

Byggesøknaden skal innehalde ein situasjonsplan. Dette er ein type kart som du hentar på kommunen si heimeside og der du teiknar inn omrisset av det planlagte byggetiltaket.

Informasjonen du sender inn blir brukt til å plassere tiltaket ditt i offentleg kart, og som dokumentasjon på at alle avstandskrav i lova er haldne.

Trinn 1: Hent ut kart og reguleringsføresegner

Dette skriv du ut sjølv via kommunen sin kartportal.

 

Under Kartutvalg finn du :

Grunnkart (kartet du skal teikne tiltaket ditt inn på)
Dette er kommunen sitt offentlege kart over eigedomen din. Det følgjer med ei teiknforklaring.

Det er spesielt viktig å passe på:

  • Sjekk om din eigedom inneheld ledningar i grunnen (farga linjer). Det vert ikkje tilrådd å byggje over vatn- og avlaupsledningar.
  • Sjekk avstand til grensa mot vegareal då kartet i nokre tilfeller kan avvike frå det som kan sjå ut for å vere grensa i verklegheita.

Reguleringsplan med føresegner

Reguleringsplanen i fargar viser kva areala kan brukast til. Det følgjer med ei teiknforklaring som du finn under meny-knappen.

  • Sjekk eventuelle byggegrenser (stipla svart linje). Ei byggegrense viser kor du kan bygge på eigedomen din. Tiltaket ditt må plasserast innafor dette arealet. Ofte vil det vere byggegrense mot veg fordi det ikkje er ynskje om større byggverk langs vegane.
  • Reguleringsplanen med føresegner legg føringar for kva du kan bygge, både på utforming og storleik. Det er spesielt viktig at du sjekkar kor mange prosent av tomta di som kan byggast på (Bebygd areal (BYA) eller Total utnyttingsgrad (TU) ) og ikkje søker om meir enn dette.

 

Trinn 2: Utskrift av situasjonskart på papir

PDFen må skrivast ut i "faktisk storleik", ikkje "tilpassa". Kontrollmål gjerne rutenettet. På eit kart i målestokk 1:250 skal avstanden mellom to rutenettsliner vere 5 cm.

 

Trinn 3: Teikn inn tiltaket ditt på situasjonskartet

Kartet du sender kommunen skal tydelig vise:

  • lengde og breidde på tiltaket
  • møneretning
  • avstand til nabogrense og veg
  • avstand til andre bygningar
  • parkering, snuareal dersom du skal bygge garasje
Publisert av Marit Kleiven. Sist endra 12.01.2016 av Marit Kleiven
Fann du det du leita etter?

Kontakt

Snarvegar

 
 
Login for redigering