Restskatt - betaling og innkrevjing

Når Skatteetaten har behandla skattemeldinga di får du eit skatteoppgjer. Det er då du får vite om du får igjen pengar på skatten, eller om du må betale restskatt. 


Du må betale restskatten sjølv om du klagar på likninga. Restskatt over 1000 kroner forfell til betaling i to terminar. Er restskatten på under 100 kroner, vil den ikkje bli krevd inn. 

Slik betalar du restskatten

Du får tilsendt ein betalingsgiro med KID-nummer etter skatteoppgjeret. Sjølv om du ikkje har motteke giroen, skal du likevel betale til forfall. Slik gjer du det:

  • Betal til Skatteoppkrevjaren i Førde sin bankkonto for skatt: 6345 06 14329
  • Manglar du KID-nummer, kan du lage eit sjølv på skatteetaten.no

Hugs å velje rett skatteart: restskatt. Vel rett år: det året restskatten gjeld. Dette er viktig for at betalinga skal registrerast rett.

 

Betaling av tilleggsforskot

Veit du at du har betalt for lite skatt, kan du betale tilleggsforskot. På den måten kan du unngå rentetillegg på restskatten. Fristen for å betale er 31. mai. 

Du går fram på same måten som for restskatt, men vel skatteart: tilleggsforskot.  

 

Om du betalar for seint

Om du betalar for seint, må du betale forsinkingsrenter i tillegg til restskatten. Rentene gjeld frå betalingsfristen og fram til betalinga skjer. 

 

Om du ikkje betalar

Du må betale sjølv om du er uenig i kravet. Sjølv om du klagar på likninga, skal restskatten betalast ved forfall. Dersom du får medhald i klagen, vil du få pengane tilbake, om vi ikkje brukar tilgodebeløpet til motrekning, dvs at det ligg inne fleire betalingskrav på deg.  


Dersom kravet ikkje blir betalt frivillig, vil skatteoppkrevjaren setje i verk tvangsinnfordring og kostnader kan kome til etter rettsgebyrlova. 

 

Klage på likninga sender du til skatteetaten

Dersom du er usamd i likninga, sender du klage til skatteetaten. Klagefristen er 6 veker etter at skatteoppgjeret er sendt til deg.
 

For dei som får skatteoppgjeret sitt 24. juni er klagefristen 10. august. 
 

Kontaktinformasjon skatteoppkrevjaren i Førde

 

> Sjå også: Skatteoppgjer - endre kontonummer

Publisert av Evert Are Havn. Sist endra 12.06.2017 av Marit Kleiven
Fann du det du leita etter?

Kontakt

Førstekonsulent
Teneste (1)
Tenesteeining (1)

Snarvegar

 
 
Login for redigering