Reguleringsplan

Ein reguleringsplan er eit detaljert plankart med planføresegner og planskildring.

I kva grad detaljar i ein plan skal presenterast kan variere, avhengig av føremålet med planen og om det skal leggjast opp til vidare detaljering for deler av planen når utbyggingstidspunktet nærmar seg.
 

> Er du på jakt etter ein spesifikk reguleringsplan, sjå korleis du finn planar via vår kartportal 

Omgrepet reguleringsplan er fellesnemnar for to typar regulering, områderegulering og detaljregulering.

 

Områderegulering

Vert brukt av kommunen der det er krav om slik plan i kommuneplanens arealdel, eller kommunen finn behov for å gje meir detaljerte avklaringar av arealbruken. Områderegulering skal utførast av kommunen, men har høve til å overlate arbeidet til andre mynde eller private.

 

Detaljregulering

vert brukt for å følgje opp kommuneplanens arealdel og eventuelt etter krav fastsett i ein vedteken områderegulering. Detaljregulering kan lagast av andre sakkunnige. Byggeretten varer i 5 år etter vedtak av plan, men etter søknad frå tiltakshavar kan planvedtaket forlengast med inntil to år.

 

Avhengig av den aktuelle saka er det ofte også naudsynt med:

  • Planprogram/Konsekvensutgreiing

  • Illustrasjonsplan

  • Terrengmodell, gode perspektiv- og/eller aksonometriteikningar

  • Andre illustrasjonar som gateoppriss og fotomontasje

  • Andre naudsynte vedlegg som utgreiingar og dokumentasjon

 

 

> Sjå også: Plan- og bygningslova, kap. 12.

 

Rettleiing/ Orientering

Nærare opplysningar ut over kunngjeringar i media kan du få ved å ta kontakt med kommunen, som også vil kunne hjelpe deg med å utforme merknader eller klager.

 

 

For handsaming av reguleringsplanar er dette omtala i plan og bygningslova §§ 12-8 til 12-12

Publisert av Odd Harry Strømsli. Sist endra 15.06.2016 av Marit Kleiven
Fann du det du leita etter?
Arealplanleggar
bilde av personen: Ole Jakob Sande
Arealplanleggar
bilde av personen: Odd Harry Strømsli
Leiar
På eiga hand (1)

Snarvegar

 
 
Login for redigering