Rask varsling av hendingar

Vatn, tapping, kran - Klikk for stort bilete

Vi har tatt i bruk eit varslingssystem til å sende ut varsling om ulike hendingar som krev rask informasjon. Dette kan vere vasslekkasje, vegstenging og liknande. Den same tenesta blir mellom anna brukt av feiarane våre får å varsle at dei kjem til deg.

 

Korleis vert eg varsla?

Varslinga vert sendt som SMS til mobiltelefon og talemelding til fasttelefon. For hendingar som har lengre responstid kan også e-post brukast. Varsling24 hentar opplysningane sine frå eigedomsregisteret (matrikkelen) og 1881. 

 

Bli varsla!

Du kan sjekke om telefonnummeret ditt er registrert, og du kan endre oppføringa via www.norge.no/oppdater-kontaktinformasjon.

 

Om du har telefonabonnement som ikkje er knytt til bustadadresse di, bedriftsabonnement, eller du har hemmeleg nummer, må du sjølv registrere deg som mottakar av slike varslingar. Dette kan du gjere på eit tilleggsregister på www.varslemeg.no.

Publisert av Marit Kleiven. Sist endra 18.10.2016 av Torill Anita Segtnan
Fann du det du leita etter?

Kontakt

bilde av personen: Bernhard Øberg
Leiar/brannsjef

Snarvegar

 
 
Login for redigering