PPT

PPT (pedagogisk-psykologisk teneste) er ei teneste for born og unge som har særlege opplæringsbehov. 
 

PPT utgreier enkeltborn sine behov og gir råd og rettleiing til foreldre, barnehage, skule og andre samarbeidspartnarar. PPT bidreg med kompetanseheving i barnehage og skule gjennom kurs, nettverk og konsultasjoner til dei tilsette.  

Kva gjer PPT?

  • pedagogisk og psykologisk utgreiing
  • individuell oppfølgjing av born og unge
  • rådgjeving til foreldre/føresette
  • samarbeid med barnehagar og skular
  • rettleiing til tilsette i barnehage og skule
  • hjelp til overgangar i opplæringsløpet
  • hjelp til lærlingar/lærekandidatar i bedrift

Les meir på nettsidene til Utdanningsdirektoratet om kva PPT gjer
 

Informasjon til føresette

Vil du ha ein kjapp innføring i kva spesialpedagogisk hjelp/spesialundervisning er, kva ord og uttrykk betyr og kva du kan forvente av hjelp?

Korleis får vi hjelp av PPT?

For dei som går i barnehage eller skule ønskjer vi å bli kontakta gjennom barnehagen eller skulen. Ta direkte kontakt for born som ikkje går i barnehage.  

 

Kontaktinformasjon PPT

  • besøksadresse: Hafstadvegen 42, 3. etasje i Førde rådhus
  • telefon: 57 82 93 00, kvardagar kl. 08:00–15:30
  • postadresse: Førde kommune v/PPT, Postboks 338, 6802 Førde
  • e-post: postmottak.ppt@forde.kommune.no
     

Interkommunal teneste i Førde

PPT yter òg tenester til fylkeskommunen, Jølster, Gaular og Naustdal kommune.

Sist endra 08.08.2017 av Marit Kleiven
Fann du det du leita etter?

Kontakt

bilde av personen: Asbjørn Knapstad
Leiar PPT
Teneste (1)

Snarvegar

 
 
Login for redigering