Parkeringskort for rørslehemma

Med parkeringskort for rørslehemma kan du parkere på: 

  • parkeringsplassar som er reservert for rørslehemma
  • offentlege parkeringsplassar som krev avgift utan å betale avgift og utover tidsavgrensning

Krav til søkjar

For å søkje om parkeringskort for rørslehemma må du oppfylle følgjande krav:

  • Du må ha legeerklæring som dokumenterer at du ikkje kan gå eller har store vanskar med å gå over lengre avstandar.
  • Du må kunne dokumentere behov for å parkere ved bustad, arbeid, legebesøk og andre aktivitetar.

 

Slik søkjer du om parkeringkort for rørslehemma 

Du må fylle ut eit søknadsskjema og legen din må fylle ut ein legeerklæring.

Gå til søknadsskjema > (PDF, 45 kB)

 

Last ned legeerklæringsskjema > (PDF, 31 kB)

 

Søknad og legeerklæring må leverast eller sendast per post til Førde kommune, postboks 338, 6802 Førde. 

 

Kor lang tid tek det?

Normalt vil Servicetorget sende deg eit svar innan 2 veker. Servicetorget kan òg gje hjelp og rettleiing til utfylling.

Publisert av Kirsten Sunde. Sist endra 14.09.2016 av Marit Kleiven
Fann du det du leita etter?
Tenesteeining (1)

Kontakt

 
 
Login for redigering