Påbygg, tilbygg eller kjellar

Påbygg, tilbygg og kjellar/underetasje - Klikk for stort bilete

Med påbygg, tilbygg og kjellar meiner vi utviding av eksisterande bygning oppover, bortover eller nedover.

 

Påbygg er ein ny bygningsdel som vert plassert på ein eksisterande konstruksjon. Ein ekstra etasje er eit typisk påbygg.

 

Tilbygg er ei utviding av bygningen si grunnflate.

 

Kva du kan gjere på eigedommen din kjem an på kva reglar som gjeld for eigedommen. Sjå reguleringsplan og kommuneplan for din eigedom.

Du treng ikkje søke dersom 

  • tilbygget er på inntil 15 kvadratmeter bebygd areal eller bruksareal, utan rom for varig opphald (kjøkken, stove, soverom eller våtrom eller brukast til overnatting). Tilbygget må vere understøtta, kan ikkje overstige to etasjer og må plasserast 4 meter frå nabogrensa.
  • bygningen blir oppført med tilstrekkeleg avstand frå offentleg regulert veg. Kva som gjelder for din eigedom kjem an på planer som gjeld for din eigedom. Sjå reguleringsplan/kommuneplan og veglova.
  • tiltaket ikkje overstig grad av utnytting for eigedomen. i reguleringsplanen er det fastsett maksimal tomteutnytting.
  • tiltaket er i samsvar med gjeldande planer for din eigedom.
  • tilbygget ikkje er plassert over vatn- og avløpsrøyr.

Døme på tilbygg som er unntatt søknadsplikt, er terrasse, veranda og liknande, opent overbygd inngangsparti eller ved- og sykkelbod.


Bygg utan å søkje - informasjon frå Direktoratet for byggkvalitet

 

Viktig med innmelding etter ferdigstilling 

Sjølv om du kan bygge utan å søke på førehand er det viktig å informere kommunen om tiltaket etter ferdigstilling, slik at plasseringa kan førast inn i kommunen sitt kartgrunnlag. 

Melding om bygning eller tilbygg som er unnateke søknadsplikt

 

Du kan søke på eiga hand dersom

  • tilbygget har bruksareal (BRA) eller bebygd areal (BYA) på mindre enn 50 kvadratmeter. Tilbygget kan i tillegg ha kjellar dersom kjellaren er mindre enn 1,5 meter over terrenget rundt bygningen.

 

Slik søker du
 

Du må søke med hjelp frå fagfolk dersom

  • du skal bygge eller rive eit påbygg
  • tilbygget er større enn 50 kvadratmeter
  • du skal bygge under ein eksisterande bygning

Di rolle i byggesaka er å vere tiltakshavar. Det vil seie at du eig tiltaket, men at fagfolk (arkitekt, eit byggefirma eller nokon annan som er kvalifisert) må fylle ut søknaden for deg. Prosjektering og utføring må også gjerast av fagfolk som du må engasjere og inngå avtalar med.

Dei må ha ansvarsrett og erklære at dei er kvalifisert i samsvar med byggesaksforskriften kapittel 11.


Direktoratet for byggkvalitet (DIBK) har lista opp firma med sentral godkjenning.

                              

Kva kostar det?

Byggesaksgebyr tilbygg og påbygg:
Tilbygg/påbygg Tiltaksklasse 1 Tiltaksklasse 2
Under 50 m2 kr 1780 kr 3510
Over 50 m2 kr 3510 kr 6970



 

Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Sissel Vedvik

Ingeniør
Telefon : 57 61 28 19

Ida-Kristine Mehammer

Ingeniør
Telefon : 57 61 27 36

Snarvegar