Omsorgsbustad

Omsorgsbustad er ein tilrettelagt bustad sentralt i Førde.  

Bustaden

  • Bustaden er tilpassa funksjonshemma og tilrettelagt til at bebuar skal kunne motta heildøgnsomsorg
  • Bustaden er bebuaren sin eigen heim, og heimetenester må søkjast og tildelast etter same vilkår som for andre heimebuande 

 

Målgruppe

  • Pleietrengande eldre og funksjonshemma

Vilkår

  • Søkjar må bu eller opphalde seg i kommunen
  • Søkjar må ha behov for heimesjukepleie / heimehjelp
  • Søkjar må ha eit særleg stort hjelpebehov og / eller ha spesielt nytte av nærleik til institusjonen, nå eller i nær fremtid
  • Søkjar bør kunne bruke tryggleiksalarm
  • Søkjar må sjølv ønske omsorgsbustad
  • Det må være ledig omsorgsbolig i kommunen
  • Du må ha bodd i Førde kommune dei siste 5 år(kravet om botid kan dispenseres i særskilte tilfeller) 
  • Før omsorgsbustad vert innvilga, vert det prøvd ut med tenester i heimen

 

Korleis søkje

  • Du må bu eller opphalde deg i kommunen, og du må sende ein skriftleg signert søknad.
  • Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden må du samstundes fylle ut ei Skriftleg fullmakt og levere den med søknaden.
  • Tildelingseininga behanldar søknaden og vi tek kontakt med deg slik at det kan bli gjort ei kartlegging saman med deg av dine behov for hjelp.
  • Send søknad til:

                       Førde kommune v/ Tildelingseininga, pb 338, 6802 Førde

Gå til søknadsskjema >


 

Kontaktinformasjon

Ved spørsmål knytt til søknad og tenestetilbodet, ta kontakt med:

  • Tildelingseininga på tlf: 57 72 20 00, kvardagar kl. 09:00–15:00
Publisert av Catrine Andresen. Sist endra 05.07.2017 av Marit Kleiven
Fann du det du leita etter?

Kontakt

Leiar for Tildelingseininga
 
 
Login for redigering