Næringsutvikling

Sunnfjord Utvikling AS er nærings- og tiltaksapparatet til kommunane og næringslivet i Førde, Gaular, Jølster og Naustdal. 
 

Dei hjelper deg som er nyetablerar eller deg som ønskjer å vidareutvikle bedrifta di. Sunnfjord Utvikling held til på gateplan i Førde rådhus. Treng du råd og rettleiing, ta kontakt:
 

Kontaktinformasjon Sunnfjord Utvikling

Næringsareal - Sunnfjord Næringspark

Første byggetrinn av nye Sunnfjord Næringspark på Moskog i Førde kommune er klart til etablering av nye verksemder frå hausten 2017. Her får du kjøpt næringstomter til sjølvkostpris. 

 

Næringsarealet ligg rett ved E39 mot Jølster kommune og Fv13 over Gaularfjellet. Kjøper du tomt her sikrar du bedrifta di ei framtidsretta, moderne og praktisk lokalisering midt i fylket – sentralt mellom Bergen og Ålesund. 

 

 

Søkje om stønad frå næringsfondet?

Sunnfjord Utvikling forvaltar næringsfonda til kommunane Førde, Gaular, Jølster og Naustdal. 
 

Publisert av Marit Kleiven. Sist endra 03.11.2017 av Marit Kleiven
Fann du det du leita etter?

Snarvegar

 
 
Login for redigering