Nærings- og miljøtiltak i skogbruket

I kommunen vil desse midlane i hovudsak gjelde tilskot til skogkultur.

Døme på tiltak som du kan få tilskot til:

  • Plantekjøp og planting
  • Avstandregulering
  • Rydding/ fristilling av ynskt treslag

Søknadskjema

Tilskotssatsen vil vere i intervallet 50 - 70 % av kostnaden. Kommunen får avgrensa midlar å bruke  til skogkultur. Om du har planar om å utføre skogkulturarbeid i skogen din, er det er difor viktig å ta kontakt med kommunen på førehand.

Tilskot kan som hovudregel gjevast til alle skogeigarar som har meir enn 10 daa produktiv skog. kommunen kan setje vilkår for utbetaling av tilskot til det einskilde tiltak.

Tilskot skal stimulere til auka verdiskaping i skogbruket samstundes som miljøverdiar knytt til biologisk mangfald, landskap, friluftsliv og kulturminne i skogen vert ivaretekne og vidareutvikla.

 

Forskrift om tilskot til nærings- og miljøtiltak i skogbruket

Forskrift om berekraftig skogbruk

Publisert av Oddbjørn Sellevoll. Sist endra 05.03.2015 av Marit Kleiven
Fann du det du leita etter?
bilde av personen: Oddbjørn  Sellevoll
Rådgjevar

Snarvegar

 
 
Login for redigering