Nabovarsel i byggesak

Kven må du varsle?

Før du sender inn ein søknad om å bygge, må du varsle naboar og gjenbuarar. Ein naboeigedom har felles grense med den eigedomen du skal bygge på, medan gjenbuareigedomar ligg på den andre sida av eit opent areal, til dømes ein veg, innkøyrsel eller eit friområde. 

Bestille naboliste

  • Privatpersonar kan bestille naboliste gjennom Servicetorget, tlf. 57 72 20 00.
  • Byggefirma bestiller naboliste gjennom Infoland
     

Viktig å hugse på

  • Nabovarsel skal sendast sjølv om naboeigedomen ikkje er bebygd.
  • Dersom det er registrert fleire eigarar, skal alle varslast.
  • Sameige/seksjonar/fellesareal varslast ved styret, til dømes styreleiar. Er det ikkje valt styre, må alle medeigarar varslast. 
  • Bur du i eit burettslag/sameige er det eigne reglar, til dømes at det må vere eit styrevedtak eller godkjenning frå sameige. 
     

Korleis varslar du?

  1. Fyll ut skjema for nabovarsel, og legg ved teikningar og situasjonsplan som viser kva du har tenkt å gjere. Skjema du treng er: Nabovarsel, det sender du til naboane. Opplysningar gjeve i nabovarsel  og Kvittering for nabovarsel sender du med søknaden til kommunen. 
  2. Du kan enten sende nabovarsel på e-post, levere dei personleg eller sende dei som rekommandert post. Dersom du varslar på e-post, må mottakaren sende eit svar som stadfestar at e-posten er motteken. 
  3. Etter at varsel er sendt, skal naboane få minst 14 dagar til å uttale seg om tiltaket.
  4. Naboane skal sende sine merknader til deg.
  5. Når minst 14 dagar har gått frå nabovarsel vart sendt, kan komplett søknad sendast til kommunen. I søknaden skal du leggje ved "Kvittering for nabovarsel", eventuelle merknader frå naboar og dine kommentarar til merknadane. 
     

Du treng ikkje å varsle om mindre endringar

Hovuregelen er at du alltid skal varsle om byggearbeid. Du treng likevel ikkje å varsle når naboane i liten grad blir berørt. Dette gjeld til dømes:

  • når du kun skal gjere innvendig arbeid
  • når det er stor avstand til næraste nabo
  • når du skal gjennomføre mindre utvendige tiltak som naboen ikkje kan sjå frå sin eigedom

 

Kva skal nabovarselet innehalde?

Det er viktig at naboane får god informasjon om tiltaket, slik at dei kan ta reelt stilling til kva tiltaket går ut på og kva praktiske konsekvensar det vil få for dei. Nabovarselet skal derfor innehalde dei same opplysningane som ved søknaden til kommunen, det vil seie normalt situasjonsplan, teikningar av tiltaket i 1:100 og eventuelt dispensasjon.
 

Dersom det kjem merknader til nabovarselet

Viss nokon av dei som er varsla har merknader skal kopi av merknadane leggast ved søknaden saman med ei vurdering frå søkjar. Vurderinga må innehalde ei utgreiing av kva som er gjort for å imøtegå merknadane, eventuelt argument om kvifor dei ikkje er imøtegått.
 

Kor lenge gjeld eit nabovarsel?

Viss søknaden vert sendt kommunen seinare enn eitt år etter utsending av nabovarsel, skal det sendast nytt nabovarsel til alle naboar og gjenbuarar, jf byggesaksforskriften § 5-2.

 
Publisert av Tore Gjelsvik. Sist endra 11.07.2017 av Marit Kleiven
Fann du det du leita etter?

Kontakt

Lover og forskrifter (2)

Snarvegar

 
 
Login for redigering