Motorferdsel i utmark og vassdrag

Motorferdsel i utmark er som hovudregel forbode. Formålet med regelverket er å verne om naturen og miljøet. Motorferdsellova opnar likevel for motorferdsel til visse formål. Kommunen kan gje løyve til køyring for næring og nyttetransport etter søknad. Det er ikkje høve til å gje løyve til turkøyring. Dersom du skal køyre over andre sin eigedom må du ha løyve frå grunneigar.

 

Om du treng hjelp til å søkje, eller om du treng tilgang til datamaskin, ta kontakt med Servicetorget på tlf. 57 72 20 00 eller på chat/nettprat.

Gå til søknadsskjema >

 

Kva er nyttekøyring?

Nyttekøyring kan til dømes vere bruk av snøscooter for utmarksnæring, transport av funksjonshemma, transport av bagasje og utstyr mellom bilveg og hytte som ligg minst 2,5 km frå veg.

Viktig å legge ved søknad

  • Kart som viser køyretraseen
  • Ved transport av funksjonshemma må ein levere inn legeerklæring

 

Behandlingstid

Servicetorget i Førde kommune behandlar søknaden din så raskt som mogleg, men du bør alltid sende søknad i god tid. 

Dersom vi treng meir enn ein månad til å avgjere søknaden, skal du få skriftleg melding om grunnen til det. 

 

Klage på vedtak

Er du misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok brevet.

Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du ta kontakt med Servicetorget. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.
 

Lov og forskrift som regulerer motorferdsel i utmark

Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Servicetorget er her for å hjelpe deg

Telefon : 57 72 20 00

Snarvegar