Miljøfyrtårn

Miljøfyrtårn er eit nasjonalt sertifiseringsprogram for små og mellom store verksemder. 

 

Ordninga tek utgangspunkt i verksemda si HMT system (Helse, Miljø og Tryggleik), og hjelper verksemda til å finne fram til miljø- og klimatiltak som er konkrete, målbare og lønsame. 

Berit Holme, arealforvaltning - Klikk for stort bilete

Førde kommune vedtok 2. april 2009 å bli med i Miljøfyrtån-nettverk.

 

Erfaring viser at Miljøfyrtårnbedrift:

  • Sparer driftsutgifter med miljøhandling
  • Har tydleg miljøprofil som gjev konkurransefortrinn
  • Skaper eit betre arbeidsmiljø
  • Gjev positiv effekt på natur og miljø
  • Gjev fortrinn ved tilbod med miljøkrav

 

Korleis bli Miljøfyrtårnbedrift?

 

Det er godkjende konsulentar i fylket som kan hjelpe verksemder i sertifiseringsprosessen. Du finn oversikt over verksemder som er sertifisert som Miljøfyrtårn i Sogn og Fjordane på heimesida til stiftelsen. 

 

Kontaktperson i Førde kommune

Berit Holme (tlf. 57722015) er godkjend sertifisør i Førde kommune.  Ta kontakt dersom du ynskjer opplysningar.

Publisert av Berit Holme. Sist endra 06.09.2016 av Berit Holme
Fann du det du leita etter?
Arealplanleggar

Snarvegar

 
 
Login for redigering