Legehjelp i Førde kommune

Bestilling av legetime

Bestilling av legetime hos fastlegen din kan du gjere via

Timebestilling på nett >

eller på telefon til Førde Legesenter 57 72 21 50 (kl. 08.00–15.30) 

Her finn du Førde Legesenter

Førde Legesenter har adresse Langebruvegen 28, Rødekorsbygget 1. og 2. etasje. 
 

Når du treng legehjelp: Kven skal du ringe?

  • Fastlegen din i opningstida 08.00–15.30 på kvardagar, telefon 57 72 21 50.
  • Legevakt 116 117 (direktenummer 57 83 23 00)  når fastlegen ikkje er tilgjengeleg og hjelpa ikkje kan vente.
  • 113 når det er akutt og står om liv.

Legevakta har same nummer i heile landet: 116 117 (gratis). Du vil kome til legevakta der du oppheld deg uansett kor i Norge du ringer frå. Legevakta i Sunnfjord og Ytre Sogn held til i "Bygg Aust" like ved hovudinngangen til Førde Sentralsjukehus.
 

Spørsmål om prisar eller faktura ved Førde Legesenter

Har du spørsmål om prisar eller faktura frå Førde Legesenter, ta kontakt på telefon 57 72 21 50. 

Her finn du prisar som gjeld ved Førde Legesenter. 
 

Fastlege og bytte av fastlege

Du kan sjølv velje kva for ein lege du vil ha som fastlege, men legen må ha ledig kapasitet og vere med i fastlegeordninga. Du kan velje ein fastlege i ein annan kommune enn den du bur i. Du kan også fritt velje ein lege som ikkje er med i fastlegeordninga, men då betalar du ein høgare eigendel.

 

Dersom du har foreldreansvar for barn under 16 år, vel du også fastlege for barnet ditt. Når du er på sjukeheim, har du krav på å behalde fastlegen din, men du må bruke sjukeheimslegen så lenge du bur der.
 

Klikk her for å finne ledig fastlege

Kontakt

Knut Erik Folland

Leiar legeteneste og rehabilitering
Telefon : 57 72 21 50

Legevakt Sunnfjord og Ytre Sogn (SYS IKL)

Fellesnummer: 116 117
Telefon : 57 83 23 00

Snarvegar