Kunnskapsprøve i alkohollova

Det er to typar kunnskapsprøver, ei for salsløyve i butikk og ei for skjenkeløyve på restaurant/bar/pub.

 

Skal du vere skjenkestyrar eller varastyrar for sals- og skjenkeløyve i kommunen må du ha bestått kunnskapsprøva i alkohollova. Når du ynskjer å ta prøva kontaktar du Servicetorget på telefon 57 72 20 00 eit par dagar før, og får gjort avtale om tidspunkt. Du får fleire forsøk dersom du ikkje greier prøva første gongen, og den kostar kr. 400 kvar gong. 

 

> Sjå Helsedirektoratet: Informasjon om kunnskapsprøve i alkohollova

Lærehefte

Det kan vere lurt å lese gjennom lærehefte før du tar prøva. Dette kan du låne på Servicetorget, men du kan og kjøpe det direkte frå www.vinn.no


I tillegg til lærehefte kan du og kjøpe tilgang til elektroniske testar både på skjenkeprøva og salsprøva.


Du kan òg kjøpe nettbaserte kurs på skjenkeprøva og salsprøva.

 

Ta kontakt om du har spørsmål

Servicetorget svarar på dine spørsmål, ta kontakt på tlf. 57 72 20 00 eller på chat/nettprat.
 

Publisert av Kirsten Sunde. Sist endra 22.12.2015 av Marit Kleiven
Fann du det du leita etter?

Kontakt

Snarvegar

 
 
Login for redigering