Kulturskulen

Førde kulturskule - Klikk for stort bilete

Førde og Naustdal Kulturskule held til i Gamlebanken - eit flott trehus - med adresse Kyrkjevegen 9 i Førde sentrum mellom Coop Mega og Førde kyrkje.


Vi har eit breitt spekter av undervisningstilbod. Born og unge er prioritert, men vaksne kan òg søke. Etterspørsel avgjer om undervisning skjer lokalt i Naustdal.

Søk om  plass på kulturskulen

Utvida søknadsfrist for 2016 er 25. mai, men det er mogleg å søkje gjennom heile året. 

> Søk elektronisk via Kulturskulen

Søkjarar som ikkje får plass ved hovudopptaket, vert sett på venteliste og får tilbod om plass straks vi har ledige plassar. 
 

Undervisningstilbod 

Kulturskulen tilbyr inntil 38 undervisningsveker per år og har eit mangfaldig undervisningstilbod.

> Sjå detaljert undervisningstilbod på Førde og Naustdal kulturskule

 

Skulepengar per halvår

  • Instrumentalundervisning/song/visuelle kunstfag/teater: kr 1700
  • Barnegrupper/kor: kr 1400
  • Orkester/band: kr 700 (intern), kr 1150 (ekstern)
  • Instrumentleige: kr 500
  • Materialkostnad visuelle kunstfag/teater: kr 300
  • Musikkbinge Førde leige: kr 575

Søskenmoderasjon 25 % frå og med born nr 2. 

 

Oppseiing av plass

Oppseiing av plass må skje skriftleg, frist 15. november for vårsemesteret og 15. mai for haustsemesteret. 

Publisert av Marit Kleiven. Sist endra 18.10.2016 av Marit Kleiven
Fann du det du leita etter?

Kontakt

bilde av personen: Trude  Skarvatun
Rektor Førde Kulturskule

Snarvegar

 
 
Login for redigering