Kreftkoordinator sin funksjon
Kreftomsorga i kommunen skal vere eit lågterskeltilbod for pasientar, pårørande, helsepersonell eller andre.
Stillinga som kreftkoordinator er oppretta med støtte frå Kreftforeningen og samarbeider mellom anna med fastlege, NAV, helsestasjon, heimeteneste, tildelingseininga, sjukeheim, spesialhelsetenesta, skular, barnehagar, lokale pasientforeiningar og Kreftforeningen.
Du kan ta kontakt i alle fasar av kreftsjukdom, og kreftkoordinator skal vere ein person som
- har tid til å lytte
- skal syte for å samordne hjelpeapparatet
- kan svare på faglege spørsmål og gje rettleiing
- kan bidra til å skaffe praktisk hjelp og støtte
Ressurssjukepleiar i kreftomsorg
Vi har ressurssjukepleiarar i lindrande behandling og kreftomsorg på Førde helsetun og ved Heimetenesta. Ressurssjukepleiar har direkte oppfølging av kreftpasientar eller alvorleg sjuke og pårørande.
Pallitativt rom ved Førde helsetun
Førde helsetun har eit eige rom for dei med behov for lindrande behandling. Rommet er tilrettelagt for at pårørande kan vere med under opphaldet.
Målet er å gje eit godt pleie- og omsorgstilbod, der privatlivet i størst mogleg grad vert ivareteke.