Klage på vedtak i plan- og byggesak

Dersom du ikkje er nøgd med resultatet på vedtaket, kan du klage innan 3 veker frå du motttok vedtaket.

Klagen må vere postlagt før fristen går ut.

Vi handsamar klagen først og kan endre vårt vedtak. Om vi meiner vedtaket ikkje skal endrast, går saka til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane for endeleg vurdering.  

Følgjande vedtak kan klagast på:

  • Vedtak i byggesak eller delingssak.
  • Vedtak om reguleringsplan. Dersom privat reguleringsplan er i samsvar med kommuneplanen sin arealdel eller områderegulering, kan eit avslag krevast lagt fram for kommunestyret.

Du kan ikkje klage på vedtak om kommuneplan.

 

Korleis klagar du?

Klagen må:

  • vere grunngjeven. Klagen bør også nemne eventuelle andre opplysninger som kan vere avgjerande for kommunen si vurdering
  • skriv kva vedtak det vert klaga på
  • skriv kva endringer som eventuelt er ønska
  • vere underteikna

 

Send klagen til

 

Igangsetting av vedtak

Sjølv om det er klagerett kan vedtaket gjennomførast straks. Du kan søkje om å få utsett igangsetting av vedtaket inntil klagefristen er gått ut eller klagen er avgjort. Kommunen avgjer om det er grunnlag for å utsette igangsetting, og denne avgjerda kan ikkje klagast på.

 

Kor lang tid tek det?

Vi skal handsame klagen innan 8 veker. Om vi ikkje er enig i klagen din, sender vi den til Fylkesmannen som avgjer saka innan 12 veker. 

 

Kostar det noko?

Det er ikkje gebyr for behandling av klager. 

 

Ta kontakt om du treng hjelp

Ta gjerne kontakt med byggesak- og arealforvaltning viss du har spørsmål eller treng rettleiing.

Publisert av Vedvik Sissel. Sist endra 21.02.2017 av Marit Kleiven
Fann du det du leita etter?

Kontakt

Snarvegar

 
 
Login for redigering