Klage på helse- og omsorgstenester

Kva kan du klage på?

  • at du ikkje har fått den tenesta du ønskjer
  • forhold ved tenesta du ikkje er fornøgd med
  • kritikkverdige forhold
  • sakshandsaminga

Klage på vedtaket 

Har du fått avslag på ei helseteneste du meiner å ha rett på, kan du klage. Dette kallast ein rettigheitsklage. Ein rettigheitsklage sender du til Førde kommune, postboks 338, 6802 Førde. Vi går gjennom vedtaket på nytt og ser om det bør endrast.

 

Om vedtaket ikkje vert endra etter handsaming i Klageutval for helse- og omsorgstenester, vert klagen sendt vidare til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane som avgjer saka. 

 

Klage på tenesta

Om du er misnøgd med ei helseteneste du får, til dømes på sjukeheim, bør du først vende deg muntleg eller skriftleg til einingsleiar. Ver tydeleg på kva du er misnøgd med og kva du ønskjer å endre. 

 

Når dei som utfører tenesta får klagen din, må dei undersøke saka og endre tilbodet dersom det ikkje er godt nok. Fører ikkje klagen fram, må du sjølv sende ein skriftleg klage til Fylkesmannen som gjer ei vurdering av saka. 

Får du medhald i klagen kan Fylkesmannen starte ei tilsynssak. Avdekker dei feil må desse utbetrast. Får du ikkje medhald frå Fylkesmannen er neste klageinstans Sivilombodsmannen

 

Hjelp til å klage

Treng du hjelp til å klage, kan du ta kontakt med Førde kommune, tlf. 57 72 20 00.

 

Du kan også ta kontakt med Pasient- og brukarombodet i Sogn og Fjordane. Dei hjelper deg med spørsmål om helsetenester og gir råd og rettleiing om rettar du har som pasient. 

Publisert av Marit Kleiven. Sist endra 16.02.2017 av Marit Kleiven
Fann du det du leita etter?
Leiar for Tildelingseininga

Snarvegar

 
 
Login for redigering