Kino Førde

Kino Førde tilbyr innbyggjarane eit variert kinotilbod for alle aldersgrupper i to kinosalar; storsalen (463 stolar) og lisjesalen (70 stolar) i Førdehuset. 

 

>> Kinoprogram finn du på Kino Førde 

 

Kinodagar

Det er fast filmframsyningar kvar tysdag, onsdag, torsdag, fredag, laurdag og sundag.

Seniorfilm

Ein gong i månaden vert det vist seniorfilm i samarbeid med senioruniversitetet. Framsyningane, ein onsdag kl 11:00, er opne for alle. Det vert òg sett opp enkelte andre føremiddagsframsyningar for vaksne

Aldersgrenser på kino

Merk at nye aldersgrenser gjeld frå 1. juli 2015.  Det at ein film har fått aldersgrense 6 år, treng ikkje bety at det er ein barnefilm, men at filmen ikkje er skadeleg for dei yngste. Vi brukar gjerne skrive (6 år) Ungdom /Vaksne for å gje eit hint om kven filmen passar for.

 

Medietilsynet set aldersgrense på alle filmar som skal visast på kino. Les meir om aldersgrense på kino.

Publisert av Torhild Vie. Ansvarleg Kultur. Sist endra 08.07.2016 av Marit Kleiven
Fann du det du leita etter?

Kontakt

Kinokonsulent
Sjå også (1)

Snarvegar

 
 
Login for redigering