Jordmor - tilbod til deg som er gravid

Når du er gravid, tilbyr jordmor deg svangerskapskontroll. Målet er å sikre at svangerskapet utviklar seg så normalt som mogleg både for babyen og for deg som skal bli mor. 

Kva er svangerskapsomsorg? 

Svangerskapsomsorg inneber medisinsk kontroll og at du skal få omsorg og støtte til å meistre denne viktige forandringa i livet. Jordmor informerer deg om korleis svangerskapet utviklar seg, fødselen og tida etter fødselen.
 

Du får tilbod om svangerskapsomsorg/-kontrollar gjennom heile svangerskapet. Etter fødselen kan du få tilbod om amme- og/eller prevensjonsrettleiing.
 

Dette skal du ta med på kontroll

Kvar gong du skal på kontroll, skal du ta med

  • urinprøve (teken om morgonen same dag som du skal til kontroll)
  • helsekortet ditt (som du får på den første svangerskapskontrollen)

 

Skal du velje jordmor eller fastlege?

Du kan velje om du vil ha oppfølging av jordmor eller av fastlege i svangerskapet. Du kan òg velje både lege og jordmor. 


Kontaktinformasjon helsestasjonen

I Førde har vi fleire jordmødre, dei held til på Førde helsestasjon.

  • besøksadresse: Hafstadvegen 42, Førde rådhus, 3. etasje
  • tlf.: 57 72 21 30

Prisar

Tenesta er gratis.

Plan for for svangerskapskontrollane

Svangerskapsveke  
Veke 6–12 Første svangerskapskontroll
Veke 12–16 Andre kontroll 
Veke 17–19 Utralyd, Helse Førde HF
Veke 24 Tredje kontroll 
Veke 28 Fjerde kontroll 
Veke 32 Femte kontroll
Veke 36 Sjette kontroll 
Veke 38 Sjuande kontroll 
Veke 40 Åttande kontroll 
Veke 41 Niande kontroll
Veke 42 Overtidsvurdering, Helse Førde HF

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

>> På helsenorge.no kan du lese kva som vert sjekka på svangerskapskontrollane

Publisert av Marit Kleiven. Sist endra 18.10.2016 av Marit Kleiven
Fann du det du leita etter?

Kontakt

Snarvegar

 
 
Login for redigering