Innsynsrett i offentlege dokument

Du har rett til å kreve innsyn i offentlege dokument, journalar og liknande register. Alle saksdokument i kommunen er offentlege dersom det ikkje er gjort unnatak som er heimla i lov. Dette betyr at skriv inn til kommunen – og svar vi gir ut – blir registrert i våre fagsystem (journalført) og publisert våre offisielle postlister. Innkomne brev og e-postar som er arkivverdige er å sjå på som offentlege førespurnader til kommunen, og vil bli vist på postlistene. 

 

Journalpostar med dokument som er unnateke offentlegheit, er merka med aktuell lovheimel for unntaket. 

Meirinnsyn

Sjølv om eit dokument kan haldast unna offentleggjering, skal kommunen vurdere om dokumentet likevel bør kunne gjerast kjent heilt eller delvis (meirinnsyn). Eit dokument er ikkje berre papirbasert informasjon, men i prinsippet all informasjon som er lagra. Du har likevel berre innsyn i databasar dersom ein kan søke opp informasjonen på ein enkel måte.

 

Kva dokument kan du få innsyn i?

Du kan bli nekta innsyn i interne dokument, men som hovudregel skal du likevel få innsyn i:

  • Sakliste eller saksdokument til kommunestyre eller anna kommunalt folkevalt organ.
  • Dokument til/frå kontrollutvalet eller klagenemnda i kommunen eller den kommunale revisjonen.
  • Dokument til/frå einingar i administrasjonen som har sjølvstendig avgjerdsmynde for saka dokumentet gjeld.
     

Kriterium

Krev du innsyn i saksdokument, må kravet gjelde ei bestemt sak, eller i rimeleg grad saker av ein bestemt art.
 

Pris

Kommunen kan kreve betalt for utskrifter, kopiar og utsending når sidetalet i ei sak er over 100. Da kan det krevast ei krone per ark utover 100 og betaling for heile utsendinga. For høgkvalitetskopiar gjeld det eigne reglar.
 

Kven tek du kontakt med?

Ring Servicetorget på 57 72 20 00 eller send e-post til postmottak@forde.kommune.no

Ønsker du å sende per post er adressa:

Førde kommune
postboks 338
6802 Førde 
 

Kor lang tid tek det?

Kravet om innsyn skal avgjerast så raskt som mogleg. Det betyr vanlegvis same dag eller innan 1-3 virkedagar. Dersom du ikkje har fått svar innan 5 arbeidsdagar frå kommunen mottok kravet ditt, blir dette rekna som eit avslag.
 

Klage

Dersom du får avslag på kravet ditt om innsyn, skal kommunen vise til den regelen som er grunnlaget for avslaget. Kommunen skal også opplyse om høvet til å klage og klagefristen. Fylkesmannen er klageinstans, men klagen skal sendast til kommunen. Du har også klagerett dersom du ikkje har fått svar innan fem arbeidsdagar etter at kommunen har motteke kravet. Dette blir da rekna som eit avslag.
 

Klagen skal avgjerast så raskt som mogleg. I tilknytting til klagebehandlinga kan Fylkesmannen også bestemme at dokumentet skal gjerast kjent heilt eller delvis etter regelen om meirinnsyn.
 

Rettleiing

Ein offentleg postjournal er ei liste over inngåande og utgåande post til eit offentleg organ. Her finn du overskrifta på saka og dokumentet, og namnet på sendar eller mottakar av dokumenta. Når du har funne fram til eit dokument som du vil bestille, kan du kreve innsyn, skriftleg eller munnleg. Kommunen har også plikt til å hjelpe deg å finne dokument gjennom arkivsystemet.

Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Servicetorget er her for å hjelpe deg

Telefon : 57 72 20 00

Snarvegar