Innsyn og klagerett

Innsynsrett

Du har som hovudregel innsynsrett i alle dokument som ligg til grunn for vedtak som vedkjem deg. Sjå innsynsrett i offentlege dokument og politiske saker

Klagerett

Enkeltvedtak kan som hovudregel alltid bli påklagd av den som vedtaket gjeld og av alle som er part i saka.

 

Klagefrist

Klagefrist er som oftast tre veker frå det tidspunktet du fekk melding om vedtaket. Ein eventuell klage må vere postlagd eller innlevert før fristen for klage er ute. For helse- og omsorgstenester er klagefristen fire veker. Les meir om korleis du kan klage på helse- og omsorgstenester
 

Klage på kommunale vedtak bør innehalde:

  • Kva vedtak det vert klaga på
  • Kva det vert klaga på
  • Grunngjeving og eventuelt nye opplysningar som kan påverke avgjerda


Klage sender du til den eininga som behandla saka. Dersom du har vanskar med å skrive klaga sjølv eller treng råd og rettleiing kan du ringe Førde kommune på 57 72 20 00.  
 

Du kan også ta kontakt med advokat etter Retthjelpslova.

Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Servicetorget er her for å hjelpe deg

Telefon : 57 72 20 00

Snarvegar