Målsetting med Individuell plan:
-
Å legge til rette for at du får eit heilskapleg, koordinert og individuelt tilpassa tenestetilbod
-
At du har ein kontaktperson som har hovudansvaret for å hjelpe deg
-
Styrke samhandlinga mellom deg og dei du får hjelp frå
Praktisk informasjon
-
Søknaden vert vurdert ut frå behov for hjelp.
-
Planen er eit dokument og gjer ikkje auka rett til tenester.
-
Får du individuell plan skal du ha eiga ansvarsgruppe.
-
Ansvarsgruppa består av kontaktpersonar frå dei ulike tenestene du har.
-
Du må vere med på ansvarsgruppemøte og delta i utforming av planen.
Korleis få tenesta?
-
Du må bu i Førde kommune, og du må sende ein skriftleg signert søknad.
-
Dersom andre hjelper deg med å fylle ut søknaden, må du i tillegg fylle ut ei Skriftleg fullmakt (PDF, 18 kB) og sende med søknaden.
Du brukar søknadsskjema for helse- og omsorgstenester for å søkje om individuell plan.
Gå til søknadsskjema > (PDF, 574 kB)
Send søknad til:
Førde kommune
v/Tildelingseininga
Postboks 338
6802 Førde
Kva skjer vidare?
-
Når du søkjer om helse- og omsogstenester er det Tildelingseininga som behandlar søknaden. Vi tek kontakt med deg for å få kartlagt dine hjelpebehov. Deretter skriv vi eit vedtak.
-
Vi behandlar søknaden så raskt som mogleg. Dersom søknaden ikkje kan avgjerast innan ein månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det.
For spørsmål, ta kontakt med:
-
Tildelingseininga på tlf: 57 72 20 00, kvardager kl. 09:00–15:00