Hybel og hybelleilegheit-/sekundærleilegheit

Hybel

Om areala som skal brukast til hybel er tidligare godkjent for varig opphald, vil det ikkje vere krav om søknad viss ein vel å bruke romma til hybel. Det som er viktigast i forhold til å kunne kalle det for hybel er at den ikkje er adskilt frå resten av bustaden innvendig – dvs. at det må finnast opning eller dør innvendig i huset som forbinder hybelen med resten av huset.

Om ein ynskjer å bruke rom til utleigehybel må først og fremst krav i TEK10 vere tatt i vare. Ein hybel er ikkje ei sjølvstendig bueining og må/skal derfor ha tilkomst til resten av bustaden, og kan til dømes dele kjøkken eller sanitærrom med denne.

Å bruke ein del av huset til hybel enten for familie eller for utleige, er ein privatrettsleg affære mellom huseigar og den som skal disponere hybelen. Det vert frå bygningsmynde kun stillt krav til at areala tidligare er godkjent for varig opphald og at hybelen ikkje er adskilt frå resten av bustaden.

Sekundærleilegheit-/hybelleilegheit

Dette er ei sjølvstendig bueining med eige kjøkken, opphalds-, sove-, sanitærrom og bod. Leilegheiten er adskilt frå resten av bueininga og har ingen innvendig direkte tilkomst til denne.

I dei fleste område som er regulert til frittliggjande bustader kan det førast opp ein sekundærleilegheit inntil 80 m2 i tillegg til hovedbustaden, jf kommuneplanens arealbestemmelser. Skal du lage nye bueiningar til dømes sekundærleilegheit, i bustaden din, må du ta kontakt med fagfolk som kan stå ansvarleg for tiltaket og søknaden til kommunen. Dette gjeld også viss du skal dele opp eksisterande leilegheiter til fleire.

Sekundærleilegheit vert rekna som ei eiga bueining og det det vert i TEK10 stillt ein rekkje krav i tillegg til dei krav som gjeld for rom for varig opphold. Med anna er det krav til både innvendig bod (3 kvm.) og utvendig sportsbod (5 kvm.). Vidare er det krav til eigen utvendig biloppstillingsplass (18 kvm) og krav om eit eige 'brukandes' uteareal på min. 50 kvadratmeter skal tilhøyre bueininga. Kvar bueining må utgjøre ei eiga branncelle, dvs. at det skal vere brannsikra mellom bueiningane i golv/vegger/tak, og det må vere tilfredsstillande lydskilje mellom bueiningane. Det må også kunne dokumenterast at radonkrav er tatt i vare.

 

 

Publisert av Vedvik Sissel. Sist endra 28.01.2015 av Marit Kleiven
Fann du det du leita etter?

Snarvegar

 
 
Login for redigering