Helsestasjon for ungdom

Helsestasjon for ungdom er eit gratis tilbod til deg mellom 12 og 24 år. 
 

Aktuelt 2016–2018

Opningstider Helsestasjon for ungdom

  • Tysdagar: 15:00–17:30
  • For studentar ved Høgskulen tysdagar: 14:00–17:30

Om sommaren kan det vere noko redusert opningstid. 

 

Du treng ikkje bestille time

Du kan berre møte opp på helsestasjonen i Førde rådhus, Hafstadvegen 42, 3. etasje. 
 

Kva får eg hjelp til?

På helsestasjon for ungdom kan du få råd og rettleiing om rus, røyk, alkohol, seksualitet, prevensjon, kjønnssjukdomar, psykiske problem, fysisk aktivitet og kosthald.


Du møter både helsesøster og lege. Du kan få råd og rettleiing av fagpersonane som er på helsestasjonen eller dei kan vise deg vidare til fastlege og/eller spesialist ved behov. 

Publisert av Marit Kleiven. Sist endra 04.01.2017 av Marit Kleiven
Fann du det du leita etter?

Snarvegar

 
 
Login for redigering