Heimehjelp

Heimehjelp er eit tilbod til deg som grunna sjukdom og nedsett helse treng praktisk hjelp for å greie daglege gjeremål. Målet er at du skal vere i stand til å bu heime. 

Kva kan du få hjelp til?

  • Alminneleg reingjering av rom som er i dagleg bruk; golvvask, støvsuging og vask av bad/WC. 
  • Hjelp til vask av kle i vaskemaskin.
  • Skifte av sengekle.
  • Hjelp til å handle inn nødvendige hushaldsvarer ved bruk av konto på butikk. Handling vert utført etter liste frå deg. Handling vert som hovudregel utført ein gong per veke.
     

Korleis søke?

  • Du må ha fast bustad i kommunen, og du må sende ein skriftleg signert søknad.
  • Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden må du samstundes fylle ut ei Skriftleg fullmakt  (PDF, 18 kB)og levere den med søknaden.
     

Du brukar søknadsskjema for helse- og omsorgstenester for å søke om heimehjelp:

Gå til søknadsskjema> (PDF, 574 kB)

 

Send søknad til:

Førde kommune
v/Tildelingseininga
Postboks 338
6802 Førde

 

Kva kostar det?

  • Det er ein eigendel på heimehjelp. Dette er regulert etter inntekt i husstaden.
  • Eigendelen vert fastsett av bystyret kvart år.
Heimehjelp Betalingssatsar 2019
Heimehjelp
Inntekt Timesats Makspris per månad
Under 2 G kr 210
2 til 3 G kr 175 kr 2005
3 til 4 G kr 255 kr 2724
4 til 5 G kr 270 kr 3042
Over 5 G kr 280 kr 3238

Grunnbeløp i folketrygda (G)
 

Kva skjer vidare?

  • Når du søker om helse- og omsorgstenester er det Tildelingseininga som behandlar søknaden. Vi vil ta kontakt med deg slik at det kan bli gjort ei kartlegging av dine behov for hjelp. Normalt vil vi kome på heimebesøk. Deretter vert det gjort eit vedtak.
  • Vi behandlar søknaden så raskt som mogleg. Dersom søknaden ikkje kan avgjerast innan ein månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. 
     

Kan du klage på vedtaket?

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på fire veker frå du mottek brevet. Forklar kva du er misnøgd med, og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Les meir om korleis du kan klage på helse- og omsorgstenester

 

Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om du får medhald i klagen.  
 

Oppgåver som heimehjelp ikkje inkluderer

  • stryking av klede
  • reingjering av område over "skulderhøgd" eller av rom som ikkje er i bruk
  • opplæring til hushald
  • hagearbeid
  • nedvask
  • baking
  • rydding og vasking etter friske pårørande eller besøkjande
  • hjelp til kjæledyrhald
  • flytting av bossdunkar i fellesareal
  • frakting av boss til bossfylling
  • gjere i stand til høgtider
  • flytting av møblar
     

Praktisk informasjon om heimehjelp 

  • Heimehjelp er eit månadsabonnement regulert i Forskrift om eigenbetaling for kommunale helse- og omsorgstenester. Satsar for eigenbetaling vert vedtekne av kommunestyret kvart år.
  • I vedtaket vert det skildra innhald og tidsbruk for tildelt heimehjelp.
  • Nødvendig utstyr til vask og reingjering må vere tilgjengeleg.
  • Det er ikkje mogleg å ha ein person som fast heimehjelp. 
     

For spørsmål, kontakt:

  • Leiar Tildelingseininga Gry Aase Alnes: tlf. 57 61 27 87/959 51 766, kvardagar 09:00–15:00
  • Heimetenesta: tlf. 57 02 12 70 heile døgnet
Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Gry Aase Alnes

Leiar for Tildelingseininga
Telefon : 57 61 27 87
Mobil: 959 51 766

Heimetenesta Døgnopent

Telefon : 57 02 12 70

Snarvegar