Hafstadparken - ein park for alle!

Visjonen for Hafstadparken var at det skulle bli "Ein park for alle". 

Mange har bidratt

Hafstadparken er eit park- og idrettsanlegg som vart opna våren 2015. Anlegget er eit resultat av eit tett samarbeid mellom Førde Idrettslag og Førde kommune og er støtta av næringslivet og ei rekke samarbeidspartar. 
 

Hafstadparken har saman med nytt klubbhus, tomteverdi og infrastruktur kosta i alt over 110 million kroner. 
 

Realisering av Hafstadparken hadde ikkje vore mogleg utan den positive interessa og store støtta vi har fått frå alle bidragsytarar. Det er grunn til å takke alle som har bidratt!
 

Hafstadparken inneheld

  • To kunstgrasbaner
  • Rulleskiløype
  • Friluftslivsløype/trimløype
  • Skateanlegg
  • BMX sykkelbane
  • Fire sandvolleyballbaner
  • Trimpark
  • Friområde/parkanlegg
  • Tilrettelagt for orienteringsløp
  • Handballbane 
  • Basket
  • Bandy/badminton
  • Buldrestein
  • Klubbhus med 8 garderobar, møterom og kontor 
  • Lysanlegg, parkeringsplass, sykkelparkering og infrastruktur elles
Publisert av Marit Kleiven. Sist endra 01.09.2016 av Marit Kleiven
Fann du det du leita etter?

Kontakt

Kommunalsjef

Snarvegar

 
 
Login for redigering